NRK Meny
Normal

– Eg tenkte at dette var noko gedigent stort

Ein storlaks er observert i Målselva. Rykta skal no ha det til at ikkje ei fiskesnelle er tørr etter at folk fekk ferten av fisken.

Mandag ble denne giganten observert på vei opp Målselva. Laksen anslås å være rundt 1,32 meter lang.

Ein gedigen laks blei filma på veg opp Laksetrappa i Målselvfossen måndag morgon. Foto: Linda Pedersen, redigering: Petter Strøm.

Måndag morgon blei ein usedvanleg stor laks fanga på film da den passerte gjennom Laksetrappa i Målselvfossen.

Anders Lamberg, dagleg leiar i Skandinavisk Naturovervåkning, meiner fisken er nærmare 1,32 meter lang og 23–24 kilo tung.

– Men dette var ein ganske feit fisk, så den kan vere enda tyngre, seier Lamberg i Skandinavisk Naturovervåkning. Dei samarbeider med Lighthouse sensorsystemer om overvaking av Målselva.

Odd Helge Utby i samarbeidsutvalet til Målselvvassdraget

Odd Helge Utby i samarbeidsutvalet til Målselvvassdraget.

Foto: Linda Pedersen / NRK

NRK møter Odd Helge Utby, som er leiar i samarbeidsutvalet til Målselvvassdraget, rett ved Laksetrappa.

– Her passerte den såkalla "monsterlaksen", med ein sannsynleg lengde på 1,30 meter, og det er ein sjeldan vare i våre vassdrag. Sjølv om vi har hatt laks på 1,20 her, så er dette uvanleg stort.

Tusenvis av rognegg

Utby blei sjølv overraska da han fekk høyre om storlaksen.

– Eg tenkte at dette var noko gedigent stort, og sjeldan vare, seier han.

Fangst av laks med denne vekta må ein tilbake til 40-talet for å finne, fortel Utby.

Men sjølv om lysta på det verkeleg fantastiske laksetrofeet sikkert kan vere stor hos fiskarane, meiner forvaltaren at det er gode grunnar til å la laksen leve:

– Det å få ein stor laks er veldig artig, men som forvaltar tenker eg at dei største laksane må vi setje tilbake i vassdraget, spesielt om det er ho-laks. Ein laks som dette vil sannsynlegvis vil ha ein plass mellom 25.000 og 40.000 rognegg, og det er kjempeviktig at vi har det i vassdraget.

Ekstra motivasjon

Rykta om storlaksen har spreidd seg. Ved Nymoen i Målselv står 17 år gamle Eirik Nymo, ved ei elv som har vakse seg stor ved hjelp av mykje snøsmelting og mykje regn den siste tida.

Den ivrige fiskaren har nettopp fått sommarferie og kan bruke dei ledige dagane til å lokke laksen.

Eirik Nymo står ved elvebredden i Målselva med fiskestang

Eirik Nymo står ved Målselva og ventar på laksen.

Foto: Linda Pedersen / NRK

– Det er heilt vilt! Eg har aldri høyrt om noko så stort her i elva, og det er ein ekstra motivasjon til å stikke opp i elva og prøve lykka, seier Nymo.

Sjølv har 17-åringen fått ein del laks, men monsterlaksen som svømmer i Målselva no, er tre gongar så stor som den største han har fått til no.

– Det ville vore heilt vilt å få den på kroken!

Kva så med forvaltninga av stor laks som kan leggje masse egg som vidarefører gode genar? Har forvaltar Utby rett i at ein må ta vare på laksen? Den 17 år gamle laksefiskaren tenker seg om.

– Eg vil vurdere å slenge den uti om det er ein ho-laks, men eg må nok ta bilde av den først.