Hopp til innhold

– Dette praktbygget kjem til å styrke alle kulturar i Nord-Troms

Nye Halti får dei beste skottsmål frå politikarar og kulturinteresserte.

Statssekretær Anne Karin Olli

Statssekretær Anne Karin Olli sto for den offisielle opninga av Halti kulturhus i dag.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

I dag er det offisiell opning av Halti kulturhus og næringshage på Storslett i Nordreisa, som er eit etterlengta kulturhus i Nord-Troms-kommunen.

Her kan det visast både teater og kino, i tillegg til at det kan brukast som konsertscene. Nord-Troms Museum er den største leigetakaren i bygget.

Opninga skjedde med pomp og prakt og fleire inviterte gjestar til stades.

Vil styrke kulturane i Nord-Troms

Statssekretær Anne Karin Olli (H) frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet sto for den offisielle opninga.

– Dette praktbygget kjem til å styrke alle kulturar i Nord-Troms, og eg trur kulturane kjem til å farge kvarandre. Eg trur også at bygget vil bidra til å styrke kulturane i nordfylket, kor tre stammers møte skjedde, seier Olli til NRK.

– Regjeringa har sett det viktige i å styrke den kvenske kulturen, derfor har vi auka bevillinga til kvensk språk og kultur med ein million kronar i år og neste år.

Halti inne

Halti har blitt eit praktbygg for språk, song og kultur, kor også Nord-Troms Museum held til.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

Rørt til tårar

Festframsyninga i kulturhussalen blei ei stor oppleving for dei frammøtte. Joik, solosong og korsong, der det blei framført ein eigen joik til Halti kulturhus.

Ei rekke lokale musikarar og songarar opptredde under opninga, mellom andre Agnethe Båtnes Braathen og Øystein Fredriksen. I tillegg var det song frå Molliskoret, Stjernekoret, KväaniÄäni og samisk songgruppe. l sentrum sto kultur, språk, historie og næring.

Avslutningsvis sto alle dei involverte på scena saman og song namnet på alle plassane i Nord-Troms, noko som førte til trampeklapp.

– Eg gråt under festframsyninga, seier Olaug Bergset, som er varaordførar i Nordreisa.

Varaordfører Olaug Bergset (Sp) og fylkesmann Bård Pedersen

Varaordførar i Nordreisa, Olaug Bergset (Sp) og fylkesmann Bård Pedersen.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

– Dette er eit viktig hus for Nord-Troms. Det har blitt eit pent, moderne bygg i nord-tromsk stil. Dette er viktig for å løfte den spesielle kulturen her, kor samar, nordmenn og kvenar har møtt kvarandre, og kor dei kulturelle røtene framleis er djupe.

Også Siv Elin Hansen (SV), leiar for oppvekst og kultur var imponert over Halti:

– Det er ein historisk dag! Programmet var svært godt set saman, og eg trur dette kjemp til å bli enormt viktig, sa ein rørt Hansen etter opninga.

Da framsyninga var over, gjekk publikum ut for å sjå på ein tre-installasjon som skal forestille ein varde, som blei tent på Reisaelva og lyste opp under stjernehimmelen.

Vardebrenning på Reisaelva etter opninga av Halti på Storslett i Nordreisa.

83 millionar

Også fylkesmann Bård Pedersen, som sjølv er frå Nordreisa, deltok på opninga.

I sin tale etter festframsyninga lovpriste han Halti kulturhus og næringshage, og roste dei som har tatt initiativet til å reise bygget.

Han peiker på godt samarbeid mellom næringsliv og kultur, og at det er viktig å ha eit slikt samlande bygg i Nord-Troms.

Bygget har kosta vel 83 millionar kroner, spleiselag mellom blant andre kommunen, fylkeskommunen og Innovasjon Norge.

Halti i Nordreisa
Foto: Øystein Antonsen / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark