Hopp til innhold

– Dette kan gå utover tryggleiken til pasientane

Talet på utskrivingsklare pasientar på Universitetssykehuset Nord-Norge går ikkje ned. Det uroar fylkeslege Svein Steinert.

Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN)
Foto: Hansen, Helge / SCANPIX

Spesielt Tromsø kommune har store problem med å ta imot disse pasientane.

I dag ligg det 15 ferdigbehandla og ventar på UNN, meir enn halvparten høyrer til Tromsø kommune.

Dette uroar fylkeslegen.

Svein Steinert

Fylkeslege Svein Steinert

Foto: Elise Holdal / NRK

– Vi ser spesielt urovekkande på dette, fordi UNN er i ein stor omstillingsprosess kor sengekapasiteten på UNN også er avgrensa, seier Steinert.

Han er uroa for at den manglande sengekapasiteten får konsekvensar for pasientar i heile Nord-Norge, ikkje berre i Troms.

– Totalt sett så kan det store talet på utskrivingsklare pasientar på UNN få negative konsekvensar for ikkje berre Troms fylke, men også pasientar i Nordland og Finnmark.

Kan gå utover tryggleiken

NRK har tidlegare meldt at utskrivingsklare pasientar på geriatrisk avdeling på UNN blir liggande i fleire månadar utan å bli skrivne ut.

Fylkeslegen seier han no vil undersøke om det er behov for nye møter med dei involverte i saka.

– Det eg kjem til å gjere no, er å ta det opp igjen med embedsleiinga hos Fylkesmannen i Troms, svarer Steinert og legg til:

– Så vil vi vurdere om det er eit behov for eit nytt møte med Tromsø kommune og eventuelt UNN for å sjå på dette. Vi er av den oppfatning at det kan gå utover tryggleiken til pasientane.

Må betale bøter

Etter at samhandlingsreforma vart innført i 2012, har kommunane tatt over det finansielle ansvaret for utskrivningsklare pasientar på sjukehus frå første dag.

Det inneber at kommunane får pengar til å betale for pasientar som er ferdig behandla på sjukehuset, slik at dei kan kome heim til kommunen i staden for å ta opp plassar på sjukehuset.

Dersom kommunane ikkje kan ta imot utskrivingsklare pasientar, må dei betale bøter til sjukehusa.

Tal NRK har henta inn viser at kommunar i nord har betalt 50 millionar kroner i dagbøter for utskrivningsklare pasientar dei siste tre åra. Den største rekninga fekk Tromsø kommune på over 31 millionar kroner.