Hopp til innhold

– Dette er ikkje overtru, det er kulturen vår

Ein forsmak på filmen om «Snåsamannen», trakk fullt hus i Tromsø under filmfestivalen. Trua på det som ikkje kan forklarast, er ein stor del av vår kultur, meiner forskar.

Snåsamannen - Joralf Gjerstad

Filmen «Snåsamannen» - om Joralf Gjerstad.

Foto: NRK

– Dette er folketru, og ein viktig del av nordnorsk kultur og tenkemåte. Ordet «overtru» vil eg nok ikkje bruke.

Det seier Anni Margaret Henriksen, som er antropolog, sjukepleiar og forfattar av boka «Å stoppe blod».

Anni Margaret Henriksen lanserer boka "Å stoppe blod" på Akademisk kvarter i Tromsø

NORDNORSK TRADISJON: Å tru på det som ikkje kan forklarast, men som mange har sett med eigne auge, er ein viktig del av nordnorsk kultur. Det seier Anni Margaret Henriksen.

Foto: Johan Ánte Utsi / NRK

Ho veit mykje om den nordnorske «læsartradisjonen», som har vore brukt i uminnelege tider for å fjerne smerter og stoppe blod.

– Det røyrer ved mange. Mange har kanskje vakse opp med forteljingar om at nokon har fått hjelp når dei har vore sjuke og skulemedisinen ikkje strakk til, og så fekk dei hjelp hos ein nabo som «las» på dei, forklarer Henriksen.

Viser møte mellom Snåsamannen og pasientar

Når ein slik tradisjon går langt tilbake i tid i Nord-Norge, er det kanskje ikkje så rart at ein forsmak på filmen om «Snåsamannen» trekk fullt hus under filmfestivalen i Tromsø. Filmen om 89 år gamle Joralf Gjerstad, har fått namnet «God».

Margreth Olin

EIN FILM OM DET GODE: Margreth Olin har tidlegare laga filmar om råskap og det vonde. No lagar ho film om Snåsamannen - ein film om eit godt menneske, meiner ho.

Foto: Lien, Kyrre / NTB scanpix

Heime i stua på Snåsa har Gjerstad tatt imot fleire titusenvis av menneske som har søkt trøyst og hjelp. I filmen får vi for første gong sjå slike møte mellom Gjerstad og pasientar.

Olin seier det var viktig for ho å få filma desse møta for å portrettere den etter kvart så kjente mannen på Snåsa.

– Eg trengde å få tilgang til det næraste og mest intime i hans liv og kvardag, altså møta med desse menneska som kjem til han for å få hjelp.

– Opp til publikum

Sjølv om så mange som femti tusen skal ha søkt hjelp hos Snåsamannen i over seksti år, har mange vore kritiske til det han gjer og dei evnene han seiast å ha.

Regissør Olin trur det blir bra å vise møta på film.

– Det er så mange som meiner så mykje utan å ha møtt Joralf, og så meiner dei mykje om han og den agendaen han har, og så ser dei ikkje den han er, seier Olin og legg til:

– No blir det opp til publikum å sjå sjølv kva det er desse menneska tar med seg i møtet med Joralf.