NRK Meny
Normal

– Dette er den største saka vi har hatt til no

Leiar for Barnehuset i Tromsø, Ståle Luther, seier at dei aldri har hatt å gjere med ei større sak enn overgrepssaka som no vert etterforska.

Luther

Ståle Luther, leder for Barnehuset i Tromsø, forteller at de jobber hardt med saken.

Foto: Petter Strøm / NRK

– I løpet av dei åra vi har vore i drift, så er dette den mest alvorlege saka vi har vore involvert i. Den sett oss på prøve, men det er jo derfor vi finst. Det skal vi klare, seier Ståle Luther, leiar for Barnehuset i Tromsø.

Statens Barnehus i Tromsø blei starta opp i 2009. Barnehuset er eit tilbod til barn og ungdom som kan ha vore utsett for eller vore vitne til vald og seksuelle overgrep.

Barnehuset er ein del av Troms politidistrikt. Barnehuset er mellom anna utstyrt for dommaravhøyr.

Ståle Luther

Ståle Luther, leiaren for Barnehuset i Tromsø, orienterte om saka på ein pressekonferanse på politihuset i Tromsø i formiddag.

Eigen ressurstelefon

Luther fortel at dei har vore involvert på fleire måtar ettersom saka har utvikla seg.

– Vi deltar i koordinering av dommaravhøyr, og vi sett av personell som skal følgje opp barn og foresatte når dei kjem til dommaravhøyr. I tillegg til det så hjelper vi under dommaravhøyra så godt vi gjer, og i etterkant gjer vi kartlegging og oppfølging av både barn og foreldre, seier Luther.

Barnehuset bidrar også med informasjon til dei pårørande.

– Så har vi saman med dei som er ansvarlege for etterforskinga av saka hos politiet deltatt i to møter med pårørande. Det er mykje informasjonsarbeid knytt til dette, seier Luther.

Tromsø kommune har også oppretta ein ressurstelefon for foreldre og foresatte med spørsmål og behov for å snakke med fagpersonar om det som har skjedd. Ressurstelefonen har telefonnummer 90 12 38 12.

Mykje uvisse

Ei så alvorleg sak vekker mange reaksjonar og kjensler hos dei involverte, og det er mange spørsmål.

– Det har vore mange sterke reaksjonar, og det er mykje informasjon å få. Og det er mykje uvisse og uro, i eit stort omfang. Det gjeld både blant dei som har ungar i barnehagen no og dei som har hatt det tidlegare, seier Luther og legg til:

– Vi har snakka mykje om dei kjenslene dei har no, og kva dei kan vente seg i tida som kjem.

Svært prega

Det var foreldre som sende inn ei uromelding til politiet etter ein episode som skal ha skjedd i barnehagen. Politiet vurderte meldinga som så alvorleg at dei arresterte mannen umiddelbart medan han var på jobb i barnehagen.

– Korleis reagerer dei tilsette i barnehagen?

– Dei er svært prega av det som har skjedd. Det er forståeleg. Og vi er jo avhengige av at dei klarer å stå i denne situasjonen og framleis fungere. Og det er i vår interesse å gje denne bistanden, seier Luther og legg til:

– Det er sjølvsagt ein tøff situasjon for dei.