Hopp til innhold

– Det kjem til å bli «knailltøft»!

I august skal Röyksopp fylle Stortorget i Tromsø med eit energisk liveshow. Torbjørn Brundtland gler seg stort til å spele på heimebane, og lover dans og moro.

Röyksopp

KLAR FOR TROMSØ: Torbjørn Brundtland og Svein Berge utgjer elektronikaduoen Röyksopp. I august kjem dei heim til Tromsø for å spele under Rakettnatt.

Foto: Jarl Nymo / NRK

– Vi liker godt å spele i Tromsø, og vi ønskjer å gjere det så ofte som vi kan, seier Torbjørn Brundtland.

Saman med Svein Berge utgjør han elektronikaduoen Röyksopp, som vel må seiast å vere den største internasjonale musikk-suksessen Tromsø har fostra.

I august skal dei fylle Stortorget under musikkfestivalen «Rakettnatt», og det ser Brundtland fram til.

– Vi gler oss veldig, som alltid, til å spele i Tromsø. Det er byen vi er fødd i og byen som har forma oss som kunstnerar, og det er alltid noko folk lurer på når vi reiser rundt i verda. Det framstår som veldig eksotisk for folk. Da er det alltid veldig fint å kome tilbake.

Knailltøft!

For når Röyksopp speler på Stortorget i Tromsø, er dei verkeleg på heimebane. I 2009 spelte dei for eit fullpakka kulturhus og i 2011 var dei ein del av SpareBank Nord-Norge sin jubileumskonsert «Gylne Tider».

Konserten under "Rakettnatt" er derfor ein etterlengta konsert for mange.

– Vi kjem til å ha fokus på energi, dans og moro. Nokre av låtene på dei ulike platene våre skiljer seg ut som gode kandidatar, men eg vil seie det blir ei god blanding av ting folk kjenner godt igjen og ting som aldri har blitt spelt i akkurat denne formen, seier Berge til NRK på telefon, og utdjuper:

– Det er jo eit uttrykk i Nord-Norge som er «knailltøft»!. Og det trur eg det kjem til å bli.

Liveshow er det beste

Röyksopp har samarbeida med fleire kjente artistar på sine album, mellom andre Robyn, Susanne Sundför og Anneli Drecker. Om nokre av desse blir med på scena i august, er likevel tidleg å seie.

– Vi har hatt det privilegium å jobbe med artister med eigne karrierer som går bra, så det er litt vanskeleg å svare så lang tid i forvegen om kven som kjem. Det må vi sjå på, seier Brundtland.

Uansett kven som blir med som gjestar, kan han love ein ting:

– Dette blir den beste måten å høyre Röyksopp sin musikk på - ever!

Sjå Röyksopp og Susanne Sundför live på Lydverket:

Flere nyheter fra Troms og Finnmark