NRK Meny
Normal

– Det er poesi i ypperste klasse

Arvid Hanssen sin diktskatt får no ny drakt. På Anneli Drecker sitt nye soloalbum har ho komponert ny musikk til den folkekjære forfattaren sine tekstar – omsett frå nordnorsk til engelsk.

Anneli Drecker i fjæra og snakker om Arvid HAnssen og hans dikt. Plate kommer mandag. For sørste gang blir diktene fremført i engelsk språkdrakt. Dette for å nå et større publikum.

Anneli Drecker tolkar Arvid Hanssen på engelsk. Foto/redigering: Marita Bolle Andersen.

  • Sjå video øvst i saka!

Det er ti år sidan Anneli Drecker sist gav ut eit soloalbum. Neste veke slipp ho plata «Rocks & Straws», som er ei samling av senjaforfattaren Arvid Hanssen sine dikt, i engelsk språkdrakt.

– Eg hadde lenge vurdert å finne dikt som hadde tilknyting til landsdelen, seier artisten sjølv.

Mange av Hanssen sine mest kjente dikt er no omsett til engelsk, og mannen som har omsett dei heiter Roy Frode Løvland. Etter å ha gjendikta dei til engelsk, overlét han komponistjobben til Anneli Drecker.

– Nokre av melodiane hadde eg faktisk laga på førehand, til dømes melodien til diktet «Alone». Melodien hadde eg laga fem år før, på eit handikaptoalett på Gran Canaria, fortel Drecker og ler.

– Der sto eg, høggravid og skulle tørke hendene under fønaren, og så kom melodien til meg, seier Drecker.

– Universell poesi

Arvid Hanssen sine dikt har fått musikken til å trille ut av Anneli sitt piano. Men ho innrømmer at det er litt skummel å utgje nordnorsk kvardagspoesi på engelsk.

– Ja, det er skummelt, men eg tenkte ikkje på dei nordnorske versjonane. Og det var mange av dikta eg ikkje kjente igjen. «Sommarvind» kjente eg ikkje igjen, før eg hadde melodien klar og starta å synge «Come summer's wind». Først da skjønte eg kva det var.

Ei som veit kva artistkollegaen snakkar om, er Tove Karoline Knutsen. Også ho har tonesett Arvid Hanssen sine dikt.

Ho meiner senjaforfattaren fortener eit større publikum, og trur Hanssen ville ha sett stor pris på å bli omsett til engelsk.

– Han var universell i si tilnærming til kvardagen, det store og det vesle livet. Eg trur han ville ha syntest det var veldig flott å høyre sine tekstar på engelsk – og gjerne andre språk og, smiler Knutsen.

Ein stor kunstnar

Som 12-åring fekk Drecker sitt første møte med forfattaren, da ho spelte hovudrolla i filmen «Søsken på Guds jord» som er basert på ei bok av forfattaren. Hanssen gjekk bort i 1998.

– Han gjorde eit stort inntrykk på meg, minnast Drecker.

– Eg møtte ein stor kunstnar, det skjønte eg allereie da.

Til sommaren skal den nye plata bli gitt ut i utlandet.

– Eg ser ikkje nokon grunn til at han ikkje skal bli kjent i utlandet, på lik linje med Hamsun. Det er poesi i ypparste klasse.

  • Sjå meir nordnorsk visekunst her:
    Viser, sagn, fortellinger og eventyr fra Nord-Norge. En familieforestilling for barn i alle aldre satt sammen av Hålogaland Teater. I forestillingen møter du blant andre Vågakallen og kona hans, trollet i Senja, spøkelset fra Lofothavet og den snartenkte kjerringa. Musikere: Jon Andreassen, Sverre Kjelsberg og Per Christian Hansen. Skuespillere: Sigve Bøe, Helge Jordal, Eli Doseth og Randi Koch.