Hopp til innhold

– Det er nok snakk om ein bærbjørn

Det er observert bjørn i Andersdalen i Tromsø, i eit område kor siste sikre observasjon av bjørn var i 2001.

Bjørn

Søndag vart ein bjørn observert av ein turgåar i Andersdalen i Tromsø kommune. Illustrasjonsfoto.

Foto: Arne Nævra / Scanpix

– Eg fekk ei melding frå ein som hadde observert ein bjørn medan han var ute og gjekk tur. Han hadde sett noko svart borti skogen, og var usikker på kva det var før han nærma seg og såg at det var ein bjørn som sto på andre sida av elva.

Det fortel Kjell Arne Henriksen, bjørnejeger og skadefellingsekvipasje for Fylkesmannen i Troms, til NRK. Mannen som ringde inn tipset hadde vore 30 – 40 meter unna bjørnen, i eit turområde i Andersdalen i Tromsø.

– Bjørnen var heilt roleg

Det var Nordlys som først skreiv om observasjonen, og onsdag morgon blei Statens naturoppsyn (SNO) varsla om observasjonen.

Henriksen seier til NRK at mannen som såg bjørnen kvapp litt til og sprang frå staden, men at bjørnen oppførte seg heilt roleg.

– Bjørnen var heilt roleg og sto berre og såg på han, meir fekk han ikkje med seg før han sprang unna. Han var nok litt redd.

Er det vanleg å sjå bjørn i dette området?

– Det er nok veldig sjeldan, men på denne tida vandrar bjørnen ganske mykje, så den kan ha vore der før utan at nokon har sett han.

Ifølgje Nordlys er det 15 år sidan siste sikre observasjon av bjørn i Andersdalen. Thomas Johansen i SNO i Tromsø seier til avisa at alle som har sett bjørn eller teikn til bjørn bør kontakte SNO.

– Feitar seg opp før han går i hi

Det er truleg ein bjørn som har vandra til Tromsø frå innlandet, fortel Henriksen til NRK. Og det var nok ein ting bjørnen hadde lyst på når han kryssa kommunegrensene:

– Det er truleg ein bærbjørn, som går og plukkar bær for å feite seg opp før han går i hi, seier Henriksen.

– Treng folk i området å vere uroa?

– Har han ikkje gjort noko til no, så vil han nok neppe gjere noko. Det er ein bonde som har storfe der inne, og han seier at kyrne er litt uroa, men det er jo naturleg om dei har sett bjørn.

Bjørnejegeren har likevel tips til korleis ein bør oppføre seg om ein møter på bamsefar ute i det fri:

– Om nokon skulle støte på Bamsefar, så vil eg anbefale å vere roleg og trekke seg roleg unna – same veg som ein kom, seier Henriksen til NRK.