Hopp til innhold

– Det er eit overgrep mot lokalbefolkninga

Kåfjord kommune vil klage inn vedtaket frå Olje- og energidepartementet som har gitt konsesjon til den nye kraftlinja mellom Balsfjord og Skaidi.

420-volts kraftlinje fra Balsfjord til Hammerfest

Her skal den nye kraftlinja gå.

Foto: Skjermdump / Statnett

Statnett har nyleg fått konsesjon frå Olje- og energidepartementet til å bygge og drive ei 300 kilometer lang kraftleidning frå Balsfjord i Troms til Skaidi i Finnmark.

På sin veg gjennom dei to fylka skal den nye kraftlinja krysse Kåfjorddalen, noko som er stikk i strid med NVE sitt forslag frå 2012.

Det var foreslått tre ulike trasear, og traseen som no er velt inneber at kraftlinja vil krysse dalen om lag ein kilometer frå nærmaste hus.

I departementet sitt vedtak heiter det at det av omsyn til naturmangfald og reindrift er vedtok å endre traseen ved passering av Skibotndalen og Kåfjorddalen.

Det får fungerende ordfører i Kåfjord kommune til å reagere kraftig.

Svein Oddvar Leiros
Foto: Privat

– Det er heilt klart eit overgrep mot lokalbefolkninga og den sjøsamiske befolkninga i Indre Kåfjord. Vi har ikkje blitt høyrt i denne saka, seier Svein Oddvar Leiros.

Ikkje nøgd

– I samarbeid med NVE og Statnett hadde vi blitt einige om ein trasé oppe på fjellet, og der OED no har overkøyrt dei instansane som meiner det er den mest fornuftige løysinga, seier Leiros.

Det har i mange år vore usemje om kor kraftlinja skal gå.

– Dette er ein stor dag for Nord-Norge, sa olje- og energiminister Tord Lien til NTB da avgjerda blei kjent i slutten av april.

Leiros er ikkje like nøgd:

– Vi vil få to svære mastar nede i bygda, midt i bygda, rett ved sidan av lokalbefolkninga som bur her 365 dagar i året.

Har engasjert advokat

I valet av trasé har OED lagt vekt på konsekvensane utbygginga av kraftleidningen vil få for reindriftsutøvarar som bruker området i sommarhalvåret. Kommunen har på si side vektlagt omsynet til lokalbefolkninga og samiske kulturminne:

– No har vi hatt eit telefonmøte med kulturvernavdelinga i Troms fylkeskommune, og dei er jo også skaka over at det er det nedre traséalternativet som er valt. Det vil ha stor betydning for kulturminna i området.

Kommunen har no engasjert advokat for å klage inn vedtaket.

– At ikkje lokalbefolkninga er høyrt i denne saka, det er ei tragedie, seier Leiros.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark