NRK Meny
Normal

– Det er ei stor anerkjenning

Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø får Kunstkritikerprisen 2014 for si Peder Balke-utstilling.

Knut Ljøgodt om Peder Balke

Direktør ved Nordnorsk kunstmuseum, Knut Ljøgodt, er svært nøgd med at Peder Balke-utstillinga får Kunstkritikerprisen.

Foto: Dorothea Schrattenholz/Nordnorsk Kunstmuseum / NRK

Eit lite museum har klart å markere seg internasjonalt. Det er ein av grunnane til at eit samla norsk kritikerkorps gir prisen til nettopp denne utstillinga.

– Museet har klart å slå seg fram i storinternasjonalt selskap med ein norsk kunstnar som omtrent ingen har høyrt om før i utlandet. Det er ein stor fagleg prestasjon, og eg trur det er det kritikarlaget har hatt lyst til å påskjønne.

Slik grunngir kunstsosiolog Dag Solhjell at Norsk kritikarlag gir Kunstkritikerprisen til utstillinga «Peder Balke – visjon og revolusjon». Solhjell har vore i arbeidsutvalet som administrerer prisen.

Kunstsosiolog Dag Solhjell

Kunstsosiolog Dag Solhjell.

Foto: Universitetsforlaget

– Det er jo ei ære å få ein slik pris. Dette er kritikarar som synst at dette er eit godt prosjekt å påskjønne. Det er jo ei kritisk forsamling som har hatt alle andre kunstutstillingar i Noreg i 2014 å bedømme den opp mot, seier Solhjell.

– Ei stor anerkjenning

– Det er veldig hyggeleg og vi tar sjølvsagt det som ei stor anerkjenning av det arbeidet vi har gjort med utstillinga, både her heime og i London.

Det seier direktør ved Nordnorsk kunstmuseum, Knut Ljøgodt.

Balke-utstillinga blei først vist i Tromsø før den trakk nærmare 240.000 publikummarar ved National Gallery i London.

– Eg trur dette synleggjer det arbeidet vi har gjort. Det viser at vi får ei fagleg anerkjenning, og det signaliserer jo at vi er på riktig veg og skal halde fram med å jobbe på denne måten i Nordnorsk kunstmuseum.

Ukjent kunstskatt
Foto: Nordnorsk Kunstmuseum