NRK Meny
Normal

– Dei må overtyde: Er dei klare til å ta over ordførarklubba?

Etter kommunevalet i haust, kan fleire ordførarkjede bli hengjande rundt halsen på politikarar fødd etter 1990. No må dei overtyde både unge og gamle, meiner valforskar.

Katrine Boel Gregussen

23 år gamle Katrine Boel Gregussen er Lenvik SV sin ordførarkandidat.

Foto: Sosialistisk Ungdom

Engasjert, nysgjerrig, dyktig, samarbeidsvillig, positiv.

Slik skildrar nokre av dei unge ordførarkandidatane i Troms seg sjølv, eit halvt år før kommunevalet i september.

Kristian Støback Wilhelmsen (23) er ordførarkandidat for Tromsø Høgre, i Lenvik er Katrine Boel Gregussen (23) SVs ordførarkandidat, og 19 år gamle Kristoffer Molund blei nyleg valt som førstekandidat for Dyrøy Høgre.

Kristian Støback Wilhelmsen

Kristian Støback Wilhelmsen er 23 år og ordførarkandidat.

Foto: NRK

Den unge alderen deira har blitt tema i forkant av kommunevalet.

Allereie har folk spurt seg: Er unge ordførarkandidatar egna til vervet som kommunen sin fremste representant?

Må overtyde

Valforskar ved Universitetet i Tromsø, Tord Willumsen i delt i sitt svar på om unge ordførarkandidatar kjem til å gje positiv utteljing i haust.

– Dei må overtyde: Er dei klare til å ta over ordførarklubba? spør Willumsen.

Forskaren meiner at dei unge ordførarkandidatane kan trekkje unge veljarar, men det er ikkje nødvendigvis gitt at dei er velgjarmagnetar.

– Desse unge politikarane klarer kanskje å snakke ungdommens språk og mobilisere unge veljarar. Samtidig vil kanskje mange eldre veljarar tenke at vedkommande er for ung. Kandidaten må vere ein dyktig politikar.

– Ikkje eit "one man show"

Sjølv er dei tre kandidatane klare for å gå ut og nå ut til veljarar i alle aldrar – og kanskje spesielt dei yngre.

– Eg er opptatt av saker ungdom bryr seg om, og eg er på mange arenaer der andre politikarar ikkje er, som til dømes i sosiale medier, seier Gregussen, som har vore politisk engasjert sidan ho var 12 år.

– Det er også viktig å hugse på at sjølv om eg er førstekandidat, så har eg mange flinke folk rundt meg. Dette er ikkje eit "one man show", seier Wilhelmsen i Tromsø, som også har fartstid som kommunestyrepolitikar.

Dyrøy Høgre sin kandidat er derimot heilt fersk i politikken.

– Eg er audmjuk, og eg vil høyre på dei eldre, seier Molund.

Valforskaren på si side, meiner det er ein ting som rekrutterer unge veljarar:

– Enten dei snakkar om heilt nære ting, som skulepolitikk, eller globale ting som miljøpolitikk, så må dei oppleve at dei har ein moglegheit til å påverke – og at det nyttar.