NRK Meny

320.000 til innovasjonsprosjekt

Fylkesrådet i Troms gir 320.000 kroner til pilotprosjektet "Innovasjonstrainee", som er i regi av Kunnskapsparken Nord AS. Dette er eit prosjekt kor studentar ved UiT Norges arktiske universitet skal samarbeide med ulike bedrifter i Sør-Troms. Fylkesråd for helse, kultur og næring, Willy Ørnebakk, seier at fylkesrådet med dette ønsker å stimulere til innovasjon gjennom ei styrka kopling mellom næringsmiljø og forskings- og utviklingsmiljø.