NRK Meny

205.000 til forprosjekt

Fylkesrådet i Troms har innvilga 205.000 kroner til eit forprosjekt ved Nord-Troms Museum, som har fått namnet «Grenseløs – en dokumentarreise». Prosjektet har som mål å få dokumentert både materiell og immateriell kulturarv i eit fleirkulturelt område. – Prosjektet kan gje eit interessant innblikk i korleis vandringane mellom Norge, Sverige og Finland har påverka utviklinga av kulturen i Nord-Troms, seier fylkesråd for helse, kultur og næring, Willy Ørnebakk, i ei pressemelding.