NRK Meny
Normal

20-åring dømt for bildrap

Ankar til Høgsterett.

20-åringen frå Hammerfest er i Hålogaland Lagmannsrett dømt for aktlaust drap på ein 13 år gammal gut. Ulukka skjedde på Forsølveien ved Hammerfest i 12. september 2004.

Mannen vart dømt til 60 dagar i fengsel, og han må vere utan førarkort i 3 år.

20-åringen vart først frikjent for aktlaust bildrap i Hammerfest Tingrett, men påtalemakta anka denne dommen.

Aktor Morte Daae kravde i utgangspunktet 6 månaders fengsel for 20-åringen, men seier til NRK at han likevel er fornøgd med dommen. 20-åringens forsvarar, Trond Odin Rønbeck, seier han vil anke dommen til Høgsterett.

– Advokat John Kristian Elden har allereie tatt oppdraget med å anke saka, seier Rønbeck.