Hopp til innhold

15-åring angrep lærar: – Uvanleg å gje bot for dårleg oppførsel i klasserommet

15-åring fekk bot for å ha vore aggressiv mot lærar. – Det er uvanleg, seier politiadvokat Hanne Simonsen i Troms politidistrikt.

Politi

Ein 15 år gammal skuleelev fekk i mars bot for oppførselen sin på skule. Både læraren ved den aktuelle skulen i Troms og kommunen melde til politiet hendinga. (Illustrasjonsbilde).

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Ein 15 år gammal gut busett i Troms fekk nyleg 1.800 kroner i bot for å ha oppført seg krenkande mot læraren sin.

Guten hadde på førehand opptredd aggressivt i klasserommet både mot læraren og medelevar, og blitt utvist frå timen. Hendinga skjedde i mars.

Etter at 15-åringen blei utvist brølte han skjellsord mot læraren og kasta ein skulesekk og plastflaske mot ham.

Hanne Simonsen, politiadvokat i Troms, seier at slike saker vanlegvis løysast i konfliktrådet. I dette tilfellet ønskte ikkje læraren det.

Då var mogelegheita å gi eleven bot. Det er uvanleg å gi 15-åringer bøter for oppførsel på skulen, og ut frå det eg veit er det første gong dette har skjedd i Troms politidistrikt.

Hanne Simonsen, politiadvokat i Troms politidistrikt

Simonsen har jobba i ulike politidistrikt i Nord-Norge i 12 år, og trur bøter for dette er uvanleg i heile landsdelen.

Meir utsett for trugslar

Politijurist Hanne Simonsen ved Midtre Hålogaland politidistrikt

– Den strafferettslege lågalderen i Norge er 15 år. Skulen er ikkje noko friområde i forhold til oppførsel og straffbare forhold, seier Hanne Simonsen, politiadvokat i Troms politidistrikt.

Foto: Nils Mehren / NRK

Tal frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) viser at lærarar i grunnskulen er meir utsett for vald og trugslar på jobb enn andre grupper i arbeidslivet.

– I STAMI si faktabok for arbeidsmiljø og helse frå 2015 sa 12,5 prosent av grunnskulelærarane at dei hadde vore utsett for vald og trugslar på jobb det siste året. Talet for alle yrkesaktive var på 7,5 prosent, seier Gunn Andersen, seniorrådgjevar i Arbeidstilsynet.

I 2013 viste SSBs levekårsundersøking at 7 prosent av lærarane i grunnskulen hadde opplevd vald eller trugslar om vald i løpet av det siste skuleåret.

Ifølge Andersen har norske og europeiske arbeidstakarar opplevd stadig meir av dette på jobb dei siste åra. Ho seier at det òg ser ut til å gjelde grunnskulelærarar.

Arbeidstilsynet registerte også ein auke i talet på innmelde skadar som følge av vald på jobb i perioden 2011 til 2014.

Gunn Robstad Andersen, seniorrådgiver i Arbeidstilsynet.

Thomas Nordgård, leiar i Utdanningsforbundet i Troms, er sterkt uroa for at lærarar i snitt er meir utsett for trugslar og vald enn andre yrkesgrupper.

– Det er ille både for lærarane og heile arbeidsmiljøet. Eg skulle ønskje politikarane hadde brydd seg meir om denne problematikken, framfor å fokusere så mykje på å forlengje utdanninga til lærarane. Vi har visst om problemstillinga i mange år, og det har ikkje blitt noko betring, snarare tvert om.

Kjem på rullebladet

Førelegget blir synleg på rullebladet til 15-åringen. Andersen seier det er viktig at lærarar som opplever vald og trugslar ikkje bagatelliserer hendingane.

– Det er i størst grad arbeidsgjevaren sitt ansvar å sikre rutinar og naudsynte tiltak for å ta vare på den tilsette etter slike episodar. Vald og trugslar er ikkje eit individuelt problem. Arbeidsgjevar er også pliktig til å sørgje for at alvorlege personskadar som følge av vald og trugslar på jobb blir varsla til Arbeidstilsynet og næraste politimyndigheit, seier ho.

For å få bukt med valden og trugslane i skulen, meiner Nordgård at skulane må få større handlingsrom til å jobbe med dette.

I dag er skulane mykje styrt av både sentrale myndigheiter og kommunane. Det varierer i kor stor grad lærarar er utsett for trugslar og vald frå elevane. Lærarane kan ikkje løyse dette problemet aleine, og eg er veldig usikker på om løysinga ligg i å gi skulelevane fleire bøter.

Thomas Nordgård, leiar i Utdanningsforbundet i Troms

Flere nyheter fra Troms og Finnmark