Hopp til innhold

Securitas inn på Tromsø havn

Nor Lines har no sat inn Securitas for å følgje med situasjonen på Prostneset i Tromsø, kor aksjonistar sidan desember 2013 har utført ein sympatistreik. Nor Lines har fleire gongar dei siste åra tatt rettslege skritt for å få stansa blokaden av godslevering til og frå hurtigruta, men har så langt ikkje lykkast. Administrerande direktør Tor Arne Borge i Nor Lines seier i ei pressemelding at dei no set inn Securitas i eit håp om at dette vil stabilisere situasjonen på kaia i tida framover.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark