Hopp til innhold

- Må få auka krabbekvote

Råfisklaget sett ned minsteprisen på kongekrabbe. Bakgrunnen for prisfallet er den auka tilgangen på russisk kongekrabbe i de internasjonale marknaden. Det seier administrerende direktør i Norges Råfisklag, Trygve Myrvang.

Kongekrabber fra Varangerfjorden
Foto: Petter Myre Eng / NRK

 

- Vi trur at uttaket av kongekrabbe no er så stort at vi er på toppen, og då snakkar eg fyrst og framst om det russiske fisket.

Svart fiske

Den norske krabbekvota er på 300 000 krabbar. Den russiske kvota på kongrekrabbe er ti gong så stor. Samtidig blir det russiske svartfisket rekna til å ha vore på omlag 1,5 millionar krabbar i fjor. Men Myrvang håpar botnen på prisstatistikken no er nådd.

- Vi har fått ei særskild auke i det russiske fisket etter kongekrabbe i Barentshavet, og denne auken er så stor at vi er tvungen til å setje ned prisane.

Taper pengar

Nytt av året er eit toprissystem. Kilosprisen på krabbe over 3,7 kilo er 52 kroner, mens prisen på krabben under 3,7 kilo er 44 kroner. I Varangerfjorden er det mykje krabbe liten krabbe, og krabbefiskar Arne Pedersen er svært misfornøgd med dei nye prisane.

Han meiner den einaste måte å overleve som krabbefiskar på, er at fiskarane får større kvote.

- Vi må ta ut mykje meir krabbe no, for med den utviklinga vi har no, så misser krabba si økonomiske betydning. Og om dette fortsetter, så kan man spøre, kva er kvota verdt neste år? Det blir feil å spare noko i det heile, det har inga meining.

Trygve Myrvang i Råfisklaget trur ikkje det vil få noko innverknad på prisen, om den norske kvota blir auka

- Om vi skulle auke vår kvote så trur eg ikke marknaden ville reagere negativt på det. Det som er viktigst her er kor stor den russiske kvota blir.