Hopp til innhold

- Han leika katt og mus med oss

Vaktselskapet som skal passe på asylsøkaren i Vadsø kan ikkje garantere for tryggleiken.

FALK PÅ JOBB
Foto: Trine Hamran / NRK

- I går forsvann han for oss to gongar. Vi har fått beskjed om å vere litt på avstand, men kor lett er det ikkje å stikke av? Det var nesten som katt og mus leik.

Oddvar Henriksen er dagleg leiar i G4S, tryggleiksselskapet som skal passe på den dømde asylsøkjaren i Vadsø. Han seier dei gjer så godt dei kan, men meiner mannen aldri burde vore sendt til byen.

På trygga mottak

- Han burde vore sendt til dei forsterka mottaka. Vi prøver så godt vi kan å følgje med. Likevel det er lett for han å stikke av.

Oddvar Henriksen har i dag vore i kontakt med både politi og asylmottaket for å prøve å få best mogeleg kunnskap om korleis psykisk ustabile kan vere.

- Vi må nok bare innrømme at vi ikkje har noen ekspertise på dette området. Derfor har eg også rådført meg, seier Henriksen.

Visste ingen ting

G4S og de tilsette i tryggleiksselskapet visste svært lite om kven det var de skulle passe på, da de ble kontakta av UDI. Verken asylmottaket eller UDI ville fortelje noe.

- Eg fekk til meg litt informasjon da mannen kom oppover, men må stadfeste at eg fikk sjokk da nyheita om dette ble kjend i går.

NRK kunne da fortelje at mannen er dømd for drapsforsøk frå et asylmottak i Hammerfest. Han sona to år før han denne veka vart prøvelauslett. UDI meinte han var for psykisk sjuk til å vere på eit såkalla forsterka asylmottak. Trondheim krinsfengsel meinte mannen ikkje burde lauslatast. Kriminalomsorg i fridom meinte likevel mannen kunne prøvelauslatast no.

- Det er i grunn svært snodig at vi som skal passe på ikkje får vite noko om dette. Eg fekk vite det meste frå NRK i går og i dag, seier Henriksen.

 

Flere nyheter fra Troms og Finnmark