Hopp til innhold

Navnet skjemmer noen...

NRKs brukerråd ønsker økt bevissthet rundt ord og uttrykk som brukes om funksjonshemmede.

Ordsky med negative ord om funksjonshemmede

NRK og Språksjef Ragnhild Bjørge er i gang med å lage en liste over ord og uttrykk som kan brukes om funksjonshemmede. Ordlista vil også forklare hvorfor man bør unngå å bruke enkelte ord og uttrykk.

Ragnhild Bjørge språksjef NRK

– Ei slik ordliste vil gjera det enklare for journalistar å laga saker som handlar om funksjonshemma. Det er vanskeleg å vita om eit ord er greitt å bruka eller ikkje. Difor er det viktig å ha ein stad der ein kan finna ut kva som er rett, eller finna alternative ord. Det vil gjera journalistane tryggare og kvardagen vert litt enklare, sier språksjefen.

– Ord som «krøpling», «vanfør», «åndssvak» og «mongo» er ord som ikkje bør brukast. Og så er det andre ord som det er lett å bruka feil. Det er til dømes lett å forveksla 'nedsett funksjonsevne' med 'nedsett arbeidsevne'. Vis ein person sit i rullestol, så treng han kanskje breiare dører for å koma inn på kontoret sitt. Det er noko heilt anna enn om nokon ikkje greier å jobba fulltid.

NRKs brukerråd 2015
Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

NRKs brukerråd har deltatt i oppstarten av arbeidet.

– Dersom vi skal laga ei slik ordliste, så må vi ha råd og rettleiing frå dei det gjeld. Får vi ikkje det, så risikerer vi å laga noko som ikkje er brukande. Eg har alt fått mange nyttige innspel frå gruppa, og dei har lova å hjelpa oss vidare i arbeidet dersom vi treng det, sier Ragnhild Bjørge.