Selskapet innrømmer i dag at dei har kjøpt og motteke tre skipslaster frå området.
Yara understrekar likevel at dei nå finn det rett å unngå å kjøpe fosfat med opphav frå Vest-Sahara.
Har undersøkt ein tiårs periode
Kommunikasjonsdirektør Arne Cartrigde skriv i eit svar til Støttekomiteen for Vest-Sahara at Yara har undersøkt ein ti års periode.
I denne perioden er det importert 3 skipslaster med til saman 27.000 tonn fosfat med opphav frå gruvene i Bou Craa i Vest-Sahara.
Cartrigde skriv at til samanlikning kjøper Yara på årsbasis meir enn ein million tonn fosfat frå ulike leverandørar. Det tilsvarar 10 millionar tonn i den perioden som er undersøkt.
Yara er ikkje einig i ulovleg handel
Fosfat frå Bou Craa levert til Yara i denne perioden utgjer mindre enn 0,3 prosent av det samla volumet som Yara importerer.
- Vi er ikkje einig i dei juridiske påstandane om ulovleg handel, men finn det rett å unngå å kjøpe fosfat med opphav frå Vest-Sahara, skriv Cartrigde.