Tarantell
Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Her er kjæledyret du ikkje kosar med

Nokon føretrekker hund og katt. Andre vil helst ha giftige edderkoppar på størrelse med ein knyttneve. No opnar Mattilsynet for at fleire uvanlege husdyr skal kunne kome inn i norske heimar.

– Det er ikkje ein veldig tidkrevjande hobby. Dette er jo ganske lettvinne kjæledyr å ha. Du treng berre mate dei og gje dei vatn.

Jakob Jeilen (15) sit i kjellaren sin på Skjelsvik og spelar data saman med to kameratar. I naborommet har han tre tarantellar.

– Ein må vera forsiktig. Viss dei skvett til så angrip dei. Så eg tek ikkje på dei med hendene, akkurat, seier Jakob.

Du krøllar deg altså ikkje opp i sofaen framfor peisen og stryk dei på magen, noko mange set pris på å kunne gjera med kjæledyra sine. Så, kvifor har Jakob valt å kjøpe seg nett desse dyra?

– Dei fascinerer meg. Måten dei lever på. Fargane. Korleis dei endrar seg når dei skiftar ham.

Engasjerte Jakob kan dei lange, innvikla latinske namna på artane. Og det på rams.

– Dette er ein Poecilotheria metallica, her er ein Eupalaestrus campestratus og til slutt har me ein Lasiodora parahybana, som er ein av dei største i verda, seier han utan å blunke. Han peikar fornøgd på dei, ein etter ein.

Se video her

FÔRINGSTID: Sjå tarantellen eta den levande kakerlakken!

– Så lenge dei er i buret går det greitt

Den spesielle interessa, som av mange blir sett på som direkte sær,

Jakob Jeilen og kjæledyra hans

BORDET MED BURA: Her står heimane til dei tre tarantellane til Jakob.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

har etter kvart blitt ein vane for kameratane. Hjå Jakob finst det tarantellar.

– Eg trur ikkje det er så mange som driv på med dette. Det er heilt klart noko å vise fram. Det er litt stas, seier Torjus Ringsjø Kjellevold.

Men der tek han feil. Tarantellar er faktisk blant dei mest populære kjæledyra her i landet. Dei har bestandig vore lovlege å ha her til lands, og no opnar Mattilsynet for at fleire eksotiske krypdyr skal kunne flytte inn i norske heimar utover våren. Då opphevar dei eit snart 40 år gamalt krypdyrforbod, som Noreg og Island har vore åleine om.

For Jakob held det med tarantellane enn så lenge. Og det er nok kameratane einige i.

Jakob Jeilen

FASCINERT: Jakob Jeilen eig tre tarantellar.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

– Hadde dei kome ut hadde eg nok vore litt småredd. Dei spring jo fort. Men så lenge dei er i buret går det greitt, seier Magnus Rasmussen.

Dei hårete skapningane er kresne i matvegen. Det går i levande kakerlakkar. Difor har Jakob ein heil kakerlakkfarm under bordet dei tre bura står på.

– Eg matar dei som regel ei gong i veka, seier Jakob.

Matingsprosessen er langvarig og brutal. Dei levande kakerlakkane set seg fast i vevet til tarantellane, og slik får dei åttebeinte skapningane tak i dei. Dei er nemleg svært svaksynte, og difor avhengige av vevet sitt for å kunne eta.

Dei tre gutane følgjer spente med på matkampen.

Torjus, Jakob og Magnus spelar data

GJENGSE UNGDOMMAR: Marius, Jakob og Magnus spelar data i kjellaren.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

– Magnus, skal du ta ut GoProen, eller? spør Jakob.

Kameratane vil ta nærbilete utan å måtte vera så frykteleg nære sjølv.

– Ja, seier ein nølande Magnus.

Ingen av gutane vil stikke hendene ned i glasburet, så ei pølseklype i tre får den utrivelege oppgåva å få kameraet oppi og ut av buret.

Tarantell

PØLSEKLYPE: Det måtte ein reiskap til for å kunne filme tarantellen med GoPro-kameraet.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Dyra tener på legalisering

– Me har ikkje tarantellar og pinnedyr her til vanleg, men tek dei inn på bestilling. Det varierer veldig kor populært det er, seier Torunn Valestrand, dagleg leiar på Zookrabaten på Down Town i Porsgrunn.

Torunn Valestrand

VIKTIG MED RETT STELL: Torunn Valestrand er dagleg leiar hjå Zookrabaten på Down Town i Porsgrunn. Ho er positiv til ei oppmjuking av krypdyrforbodet, då ho meiner det er betre for dyra.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Ho veit godt kvifor dei små kravledyra har blitt vanlegare.

– Det er mange allergikarar der ute, og for dei er pinnedyr og edderkoppar gode alternativ.

Sjølv om dei er ganske enkle å ta vare på, særleg med tanke på at dei berre et maks ei gong i veka, er det ein veldig viktig ting å hugse på for at dei skal leve godt.

– Ein tarantell må ha det godt og varmt. Mellom 23 og 25 grader. Luftfuktigheten må vera høg, og ein må vatne litt kvar dag, seier Valestrand.

Ho er positiv til oppmjukinga av krypdyrforbodet.

– Eg synest det er bra at det kan bli lettare å halde krypdyr. Det er fyrst og fremst positivt for dyra sjølve. Viss det blir lovleg kan dei som eig desse dyra ta dei med til dyrlegen når noko er gale. Dei kan òg få tips og råd frå dyrebutikkar og andre ekspertar, seier Valestrand.

Hamskifte tarantell

HAMSKIFTE: Slik ser det ut etter at tarantellane har skifta ham.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Mattilsynet: – Fint å kunne avkriminalisere reptilane

Mattilsynet har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet sendt på høyring eit forslag om endringar i regelverket for hald av eksotiske dyr.

Forslaget er å forskriftsfeste eit unntak frå det generelle forbodet for i alt 18 artar herptilar. Landbruks- og matdepartementet ønskjer å kartlegge synspunkt i saka før dei avgjer om forbodet mot hald av herptilar skal lempast på.

– Dyrevelferdslova er grunnen til forbodet me har. Etter å ha utreda saka i 2013 kom Mattilsynet fram til at det er fagleg forsvarleg å ha desse dyra som kjæledyr, seier seniorrådgjevar Maria Været Veggeland i dyrevelferdsseksjonen i Mattilsynet.

Maria Været Veggeland

EKSPERT: Marit Været Veggeland er seniorrådgjevar i dyrevelferdsseksjonen i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

Forslaget kom ikkje lenger den gongen. Men no kan styremaktene kome til å snu.

– Landbruksdepartementet ville at vi skulle prøve på nytt i år, seier Været Veggeland.

Høyringsfristen er 11. april. Fram til eit eventuelt vedtak er reptilar framleis ulovlege å ha i hus.

– Dei fleste ulovlege reptilar og amfibium blir funne på ransaking av politiet. Desse dyra er av ei eller anna grunn veldig populære i kriminelle miljø. Det hadde jo vore fint viss dei kunne bli litt avkriminalisert, seier Været Veggeland.

– Ei lovendring vil gjere det lettare å få kontroll over denne type dyrehald. I tillegg kan me gje råd om stell, legg ho til.

Så, kven er det elles enn familiar med allergikarar som vel å kjøpe seg desse husdyra? Ofte er det intelligente folk med ei stor interesse for det faglege aspektet.

– Fleire typar menneske kan velje seg desse artane. Mange av dei som eig reptilar og amfibium er faktisk mest interesserte i zoologi og natur. Dei er fascinerte av arten, og synest det er spennande å sjå korleis dei oppfører seg. Desse typane kjøper dei ikkje for å kunne klappe dei, seier Været Veggeland.

– Kva er det viktigaste for at denne forma for dyrehald skal fungere?

– Det er ikkje berre å springe ut og kjøpe eit spennande dyr. Ein må ha kompetanse og kunnskap. Det er også mykje dyrare enn dei fleste trur, så ein må sette seg skikkeleg inn i det. Desse dyra er avhengige av eit spesielt miljø for å greie seg, seier ho.