Milada Smajic frå Bosnia har budd i Haukeli sidan 2004.

– Me må ikkje blande målsaka inn i dette

VEST-TELEMARK (NRK): Heile 75 nynorskkommunar i Noreg underviser vaksne innvandrarar på bokmål. Kva har det å seie for integreringa i eit nynorsk lokalsamfunn?

I Treungen sit Alex Kitulano frå Kongo og prøvar å venne seg til å seie «jeg» i staden for «eg». I åtte dagar har han lært bokmål. I heile haust lærte han nynorsk. I juni kom han som overføringsflyktning rett til Nissedal.

– I Noreg brukar dei fleste bokmål, men me lærte nynorsk. Det er ikkje bra for oss. Difor spurte me om me kunne få lære bokmål i staden, seier han.

Alex Kitulano

REDD FOR Å BLI MISFORSTÅTT: Alex Kitulano er ein av elevane som ønskte seg bokmålsundervising i Nissedal.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Nissedal er ein nynorskkommune. Dei skriv nynorsk, snakkar ei nynorsknær dialekt og var fram til 1. januar i år den fyrste og einaste kommunen i Telemark som underviste vaksne innvandrarar på nynorsk.

Etter ønskje frå elevane sjølve, vedtok kommunestyret med 14 mot 3 stemmer å gå over til bokmål ende før jol. Det gleda Alex stort.

– Eg blei veldig glad då me fekk lov til å lære bokmål. Då slepp me å bli misforstått, seier han.

Er det vanskelegare for innvandrarar å lære seg nynorsk enn bokmål? Er det lurare for innvandrarar å lære seg nynorsk enn bokmål?

Det store spørsmålet – kva målform skal me undervise vaksne innvandrarar på?

Lat oss sjå på nokon av argumenta for og imot nynorskopplæring.

1. Mange av innvandrarane som hamnar i nynorskkommunar reiser vidare til bokmålsbrukande byar og bygder.

2. Nynorsken døyr ut utan praktisering og vidareformidling.

3. Størsteparten av språket innvandrarane blir eksponert for, enten gjennom sosiale medium, aviser, TV, radio eller tilfeldig prat på bussen, går føre seg på bokmål.

4. Det er lettare å bli godt integrert i eit nynorsk lokalsamfunn ved å lære seg nynorsk.

No skal du få møte eit knippe menneskje som kan utdjupe litt meir.

Klassa på vaksenopplæringa i Nissedal

ØNSKTE SEG BOKMÅL: Overføringsflyktningane på vaksenopplæringa i Nissedal.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Les også: Vil ikke tvinge innvandrere til å lære nynorsk

– Elevane blei forvirra

Det var ikkje ein lang kamp i Nissedal. I august starta overføringsflyktningane på vaksenopplæringa, og i desember blei nynorsken bytta ut til fordel for bokmålet. Sissel Bronken, einingsleiar for skule i Nissedal kommune, seier at formålet med skiftet har blitt misforstått.

Sissel Bronken

SKULESJEF I NISSEDAL: Sissel Bronken meiner me ikkje må blande inn målsaka.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Me frykta at dette kunne bli ein veldig debatt om målsak. Men det er det ikkje. Hovudfokuset med denne saka er at elevane skal få eit størst mogleg læringsutbytte på vaksenopplæringa.

Ho fortel om full forvirring iblant elevane i det gamle butikklokalet i Treungen sentrum.

– Dei gav ikkje uttrykk for at dei synest nynorsk er vanskelegare å lære enn bokmål, men dei såg at det var ein forskjell på det dei lærte inne på skulen og på det språket dei møtte på utsida. Det gjorde dei forvirra, og dei lura på kva som er rett og kva som er gale.

– No er dei veldig fornøgde, sidan dei føler at dei har blitt høyrt, seier Bronken.

Då spørsmåla frå elevane begynte å kome, tok Eli Janne Kløvfjell Olimstad dei på alvor. Ho er lærar og fagansvarleg for vaksenopplæringa i Nissedal.

– Det gjekk ikkje så lang tid i haust før elevane skjønte at det er ein forskjell mellom nynorsk og bokmål. Dei er jo på sosiale medium, dei ser på TV. Det dei møter i samfunnet er aller mest bokmål, seier ho.

Då dei såg seg rundt elles i Vest-Telemark, fann dei ut at ingen av dei andre kommunane bruka nynorsk på vaksenopplæringane. Etter litt rådføring med dei andre kommunane, kom dei fram til at det var på tide med eit skifte.

– Dette handlar ikkje om at me ikkje ønskjer nynorsk i kommunen, men for denne gruppa trur me bokmål er betre, seier Olimstad.

Ho meiner at vidare utdanning bør ha mykje å seie, og peikar på at dei som vil ha det må ut av bygda.

– Målsettinga til elevane mine er å ta seg meir utdanning for å bli sjølvstendige. Det betyr at dei må ut av Treungen, og gå vidaregåande og kanskje universitet og høgskule. Og det viser seg at dette kan bli ei utfordring for ungdom med framandspråkleg bakgrunn som har lært nynorsk.

Eli Janne Olimstad

FORNØGDE: Lærar på vaksenopplæringa i Nissedal, Eli Janne Kløvfjell Olimstad, er glad elevane får lære seg det målføret dei helst vil.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Les også: Ikke oversikt over norskopplæring

Lærer seg dialekt uansett

Milada Smajic frå Bosnia kom til Haukeli i 2004. Ho lærte bokmål på vaksenopplæringa, men blei fort interessert i å lære seg den lokale dialekta.

– Det blei viktig for meg å lære dialekta. På vaksenopplæringa lærte eg at det heiter «fjellet». Så kom eg hit og skulle imponere, og då heitte det visst «fjøddi». Då forstod eg at eg måtte få teken på dialekta dei lokale snakka.

I jobben på SPAR Haukelitunet blei dialektopplæringa hennar intensiv. Kvar dag fekk ho høyre nye dialektord, og då ho til slutt tok motet til seg og spurte kva dei betydde, blei det lettare og lettare.

– Trur du det hadde vore lettare å lære dialekta viss du hadde hatt nynorskopplæring?

– Nei, eg trur ikkje det har så mykje å sei kva målform du lærer deg fyrst. Det kjem berre an på om du vil eller ikkje. Har du lyst, lærer du dialekta uansett.

Milada Smajic

DET HANDLAR OM VILJE: Milada Smajic frå Bosnia tok sjølv ansvar for å lære seg dialekta i Haukeli.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Viktig for god integrering

Så, kva meiner nynorskforkjemparane? Sigbjørn Hjelmbrekke, nestleiar i Noregs Mållag, seier at dette i aller høgste grad dreier seg om målsaka.

– Det er veldig merkeleg å argumentere med at dette ikkje har noko med målsaka å gjere. Målsak handlar om språk og læring av språk. Og denne saka handlar om læring av språk. Den er difor uløyseleg knytt til målsaka.

Han held sjølv til i Bø i Telemark, og fortel at han er skuffa over vedtaket i Nissedal.

– Eg meiner at dette var eit hastevedtak, som blei gjort på feil premissar. Ingen snakka om å gå over til bokmål før i oktober, og så blei det plutseleg vedteke før jol. Eg håpar dei vil vurdere å gjere om på det, seier han.

For at innvandrarar skal bli best mogleg integrert i nynorskkommunane, meiner han det er heilt grunnleggande å lære dei nynorsk.

– Det er bra for integrering i eit nynorsk lokalsamfunn å lære den målforma som er nærmast dialekta dei har rundt seg, den målforma borna deira lærer på skulen og det målføret som blir skrive i lokalavisa.

Han meiner også at det er den enklaste måten å lære seg begge delar på.

– Uansett korleis ein vrir og vender på det, så vil dei møte begge målformer. Å lære nynorsk fyrst er den beste måten å lære seg begge to på. Det er nynorsk som er vanskelegast å tileigne seg på eigen hand.

Farhan Omar, Cynthia, Kidane

UEINIGE: Fahran Omar Qaasim, Cynthia Dennis og Kidane Tuum Awalom på vaksenopplæringa i Vinje.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Les også: Ser mot pensjonistar og studentar som norsklærarar

– Nynorsk er også norsk

På vaksenopplæringa på Åmot skule sit ein gjeng og diskuterer det eg nett har spurt dei om. Kva målform er det lurast å lære seg?

– Eg har lært bokmål. No treng eg å lære nynorsk. Eg synest det er gøy, seier Fahran Omar Qaasim.

Han synest det er lurt å kunne begge målføra.

– Det kan vere vanskeleg for meg å forstå nokon som brukar nynorsk til vanleg no. Og nynorsk er jo også norsk!

Cynthia Dennis peikar på ein anna fordel med å lære seg administrasjonsmålet.

– Eg har lyst til å lære nynorsk sidan Vinje kommune brukar det. Då blir det lettare å få seg ein jobb her, seier ho.

Kidane Tuum Awalom er ueinig med sine to medelevar.

– Dei fleste brukar bokmål. Viss me vil vidare til andre stadar blir det lettare for dei å forstå oss. Det blir også lettare for oss å forstå dei, seier han.

Halvor Otterholt

LOKAL LITTERATUR: Lærar på vaksenopplæringa i Vinje, Halvor Otterholt, lurar inn nynorsken i undervisinga gjennom tekstar frå Vinje og Vesaas.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Halvor Otterholt, lærar ved vaksenopplæringa i Vinje, forklarar kvifor dei underviser på bokmål.

– Dei fleste som kjem hit har vore på mottak andre stadar, der dei har fått opplæring på bokmål. For dei er det då mest hensiktsmessig å halde fram med dei same bøkane og det same målet.

Otterholt har funne ei eigen løysing. Han kombinerer litt.

– Eg er glad i nynorsk sjølv, så eg prøvar å bruke tekstar frå kulturskatten me har her i kommunen. Til dømes frå Tarjei Vesaas og Aasmund Olavsson Vinje. Eg meiner det er lurt at dei får lesa og høyre begge delar, seier han.

Han meiner også at dei som vil integrere seg får det til – uavhengig av kva målform dei lærer på vaksenopplæringa.

– Borti 90 prosent av dei som kjem hit har blitt i kommunen. For dei hadde det kanskje vore lurt å starte rett på nynorsk. Men, der ser du korleis det er. Det finst fordelar og ulemper med begge delar.

Noko definitiv meining kjem han ikkje heilt fram til. Men, Vinje kommune har i alle år vore kjent for god integrering av innvandrarar. Trass i bokmålet.

– Eg trur ikkje bokmål står i vegen for god integrering i ein nynorsk kommune. Berre du høyrer nok av dialekta rundt deg vil du lære den til slutt.