Helge Reinholt

Helge Reinholt

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Frå ME-sjuk til ultraløpar

Helge Reinholt (49) visste ikkje korleis han skulle reise seg at då diagnosen var eit faktum. Så oppdaga han kinesisk medisin og skogens ro.

– Å kome seg ut i frisk luft er reine medisinen i seg sjølv, seier Helge Reinholt.

Han kikar ned på sitt kjære småbruk på Lia i Treungen. Innsjøen Nisser ligg stille rett nedanfor. Følelsen han får av fred og ro her oppe i lia er uslåeleg for han.

Slik har det ikkje bestandig vore.

I 2005 skjer det noko med Helge. Det blir tyngre å stå opp om morgonane. Han orkar ikkje folk så tett på seg. Han blir andpusten etter tjuge meter på tunet. Noko er gale.

– Det small. Eg blei akutt utbrent over natta. Det neste halve året sat eg i stresslessen med 120 i kvilepuls, og det var ikkje så veldig moro.

Problemet med ME, også kjend som kronisk utmattingssyndrom, er at det tek svært lang tid å diagnostisere det. For å få denne diagnosen, må ein nemleg sjå bort frå alle andre moglege sjukdomar.

– Etter to år fekk eg beskjed om at det var ME, seier Helge.

– På same tid som eg fekk diagnosen låg dokumenta for å vere full arbeidsufør resten av livet klare på bordet. Heldigvis signerte eg dei ikkje.

Eitt år seinare mistar han jobben som lærar i Seljord. Det kjem overraskande på Helge at han ikkje kan gå sjukemeld i meir enn tre år.

Les også: Mysteriet ME

Helge Reinholt

HEIME: Dette er småbruket Helge og familien eig i Treungen. Her vaks Helge sjølv opp som liten gut.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Gode råd var dyre

Tida går. Legebesøka hopar seg opp. Det same gjer dei same, gamle råda. Helges energiske personlegdom fekk fleire psykiatrar til å be han ta antidepressiva. Inst inne visste han at det ikkje var det han trong.

– Eg sa klart ifrå: «Eg veit at eg er engasjert! Skal du dope ned resten av slekta mi, då? Det er berre slik vi er, det er gensettet vårt», seier han.

– Eg er Helge Reinholt, og eg vil ikkje vera roleg.

Men psykiatrane gav seg ikkje så lett.

– Det var litt skremmande kor bestemte dei var. Eg gjorde det veldig klart at eg ikkje ønskte å ta piller, men dei heldt fram, fortel han.

Til sist klarte han å overtyde dei. Det blei ingen piller på Helge.

– Det er viktig for meg å seie at det er heilt fantastisk at psykiatrar har dei hjelpemidla dei har til akutte situasjonar, men det var ikkje det eg trong, seier han.

Han begynnar å bli lei av å ikkje føle seg høyrt. Han mistar mykje tid med døtrene sine. Kona er støttande, men sliten. Han treng noko anna. Noko som kan hjelpe han tilbake til livet.

– Heldigvis hadde eg ein vaken fastlege, som råda meg til å prøve noko litt annleis.

Helge Reinholt

Les også: Fem ganger så mange ME-diagnoser som i 2008

Ei alternativ hjelpande hand

Omsider begynnar solstrålane å sleppe til på Lia att.

– Heldigvis hadde eg ein vaken fastlege, som råda meg til å prøve noko litt annleis. Det enda med at eg blei med på qigong-kurs i Fyresdal, fortel Helge.

Erik Skjervagen, no ordførar i Fyresdal, er master i qigong. Dette er ei kinesisk form for yoga. I tillegg er han akupunktør, som også er i kategorien kinesisk medisin. Helge er open for båe delar.

– «Betre Helse» heitte kurset. Eg var spent på korleis det ville vera, og det tok ikkje lang tid før eg merka resultat. Eg kan takke Skjervagen for veldig mykje, seier han.

Helge Reinholt

QIGONG I PRAKSIS: Slik ser det ut når Helge utøvar den kinesiske forma for yoga.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Sakte men sikkert blei dagane enklare å møte. Folk fekk kome nærmare att. Familien såg betring.

– Det var nok ein kombinasjon av fleire ting. Eg fekk betre livsstil, eg åt sunnare, eg stressa ned og sov betre. I tillegg dreiv eg med qigong og akupunktur, som arbeider saman for å få kroppen i balanse att.

No gjer Helge qigong-øvingar kvar dag. Nokre gonger på stovegolvet, andre gonger oppe i gapahuken han har bygd øvst i skogen over huset.

– Har du møtt mykje motstand kring det du driv med?

– Eg forstår at dette kan verke rart for folk. Diverre finnast det mange useriøse alternative formidlarar. Styresmaktene burde ha ei godkjenningsordning, for det er ikkje greitt at nokon tener seg rike på folks tru, seier han.

I sin nærmaste krets var det derimot ingen som reagerte på øvingane Helge begynte med.

– Dei som kjenner meg har ikkje gjeve meg noko motstand på det. Dei såg jo at eg blei eit heilt anna menneske etter å ha drive med det, seier Helge.

Etter kvart som han blir betre oppdagar Helge at beveging også verkar positivt på han.

Men, fysisk aktivitet er ikkje noko som har same effekt på alle ME-sjuke.

Leiar av Nasjonal kompetanseteneste for CFS/ME (CFS etter den engelske nemninga chronic fatigue syndrome) ved Oslo Universitetssykehus, Ingrid B. Helland, seier at det finst dokumentasjon på at trening verkar for nokon ME-pasientar.

– Men det er svært viktig å starte forsiktig, og å gradvis over tid auke treningsmengda. Treninga skal ikkje gjere ein meir sjuk, seier ho.

Nå det gjelder behandling med den kinesiske metoden qigong, seier Helland at det er gjort studiar, også her i Norge, som viser at dette har effekt.

– Denne behandlingsforma er mindre omdiskutert enn mange andre behandlingsformer, seier Helland.

Turar i skog og fjell blei medisin ...

Helge Reinholt

UT: Freden Helge følte heilt åleine i skogen kunne ikkje måle seg med noko anna.

Foto: Privat

Det går altså opp for Helge at ein annan form for kur finst rett utanfor utgangsdøra. Naturen.

– Utanfor her har me verdas flottaste ting. Ein sti i skogen. Her kan ein gå eller jogge. I ti minuttar eller ti timar.

Helge merkar at det føles godt med ei solid dose frisk luft kvar dag.

– Dei grunnleggande tinga må på plass. Det er noko eg ikkje alltid forstod. Eg passa ikkje godt nok på meg sjølv. Mennesket treng frisk luft, rein mat, reint vatn, ro og fred og nok søvn. Viss ein ikkje har det, går det til slutt utover både deg sjølv og dei du er glad i.

På same stad skulle han også finne lidenskapen i sitt liv.

– Det er i naturen me finn alt som er bra for oss.

Helge Reinholt

... men det stoppa ikkje der

Helge Reinholt

GODE GENAR: Helge takkar gode genar for styrka han treng i dei lange løpa.

Foto: Privat

18. mai 2010 stiller Helge seg på baderomsvekta. Displayet viser 100 kilo. Det går opp for han at sjølv om den mentale helsa er på betringas veg, så er den fysiske noko han framleis må jobbe med, trass i ein nyfunne kjærleik for skog og mark.

– Eg tok eit val der og då om at eg ikkje ville halde fram på den måten. Då gjekk eg rett bort på PC-en og melde meg på Skuggenatten opp, eit motbakkeløp her i nærleiken. Eg sprang på 40 blank, og sidan den gong har eg aldri sett meg tilbake.

– No er eg klassifisert ultraløpar. Eg ville springe lengre. Då var det ultraløp som viste seg å passe meg best.

Eit ultraløp er eit løp som er lengre enn eit maraton.

– Det skulle vise seg at det er 8 mils fjell- eller terrengløp som er mi greie. Folk som ikkje har prøva ultraløp berre ristar på hovudet, ler han.

Sidan den gong har han mellom anna sprunge i eit døgn på Bislett stadion, og floge opp og ned dei stupbratte fjellsidene i det ultimate ultraløpet Hornindal Rundt.

Les også: Helge (47) skulle berre slanke seg

– Manglar den gode testen

ME er komplekst, og vanskeleg å forstå fullt og heilt.

Sjukehuset på Notodden er saman med fire universitetssjukehus med på eit større ME-forskingsprosjekt. Multisenterstudien skal undersøke om eit medikament som brukast mot blant anna lymfom og leddgikt, også verkar på ME-pasientar.

ME blir delt inn i fire grader. Overlege Hanne Thürmer seier ein framleis strevar med å sette ei diagnose når det gjelder ME.

– Det finst ingen klar diagnostisk test. Vi arbeider med vilkår som skal vere oppfylt og ein må ha sett bort frå andre sjukdomar. Men så finst det ulike sett med vilkår, så det er absolutt komplisert, forklarar ho.

Thürmer har likevel tru på at framtida vil innehalde gode testar.

– Alle sjukdommar har hatt periodar i forkant der ein strevar med å finne ut av det. Det arbeidast med blodprøver, mjølkesyrenivå og andre fysiske testar rundt ME nå. Desse spora kan absolutt bli lovande om nokre år.

Endra syn på sjukemelde

Hanne Thürmer

FORSKAR: Overlege Hanne Thürmer deltar på eit større ME-forskingsprosjekt.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Tilbake i 2009, fire år etter at diagnosen var klar, takkar Helge ja til stilling som lærar på vidaregåande i Åmli. Det er litt nærmare heime. Men, det er også veldig tidleg å reise tilbake i jobb.

– Eg følte meg klar, sjølv om det blei og framleis er tunge dagar. Forskjellen var at no hadde eg ein måte å takle det på. Det gjekk fort å finne ro att, fortel han.

Helge finn rytmen, men har ein ny respekt for usynlege sjukdomar.

– Du ser ikkje utmatting. Då er det enklare å gå med krykker, då kan i alle fall folk sjå at noko er gale med deg. Eg unner ikkje min verste fiende dette syndromet.

Som nemnt ovanfor er det mange som er skeptiske til måten Helge har blitt frisk på. Også diagnosen han fekk har mange skeptikarar.

– Då eg gjekk rundt med ME og ingen kunne sjå at eg var sjuk, så lærte eg noko veldig viktig. At du aldri heilt veit korleis andre har det.

Helge Reinholt

KONGEN PÅ HAUGEN: Helge likar seg godt i gapahuken han har bygd oppe i skogen bak huset.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK