NRK Meny

Vinterøving for NATO-pilotar

I tidsromet 18. januar - 4. februar vil det vera vinterøving for NATO-pilotar på Rauland. Dette er eit overlevingskurs for pilotar som skal setje dei i stand til å redde seg ut av dei barske tilhøva som kan råde i fjell- og vinterlandskap, skriv kommunen på sine nettsider. Difor vil ein kunne treffe på ein del militære skuterar og beltevogner i perioden øvinga pågår.

Øvelse på Porsangmoen
Foto: Kristian Kapelrud/HV/Forsvaret / Kristian Kapelrud