SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Vinje kommune vil i framtida ikkje sitte i styret for Hardangervidda nasjonalparksenter, og vil heller ikkje ver med på å betale avdrag og renter på låna.
Ordførar Erik Haatvedt i Tinn kommune, som er den andre eigaren, vil ikkje kommentere avgjerda i Vinje.
Vinje trekk seg ut av Hardangervidda nasjonalparksenter.
Kan gå konkurs
Dersom ikkje Tinn får til ei gjeldssanering, vil nasjonalparksenteret truleg bli slått konkurs.
Haatvedt seier han ikkje vil kommentere avgjerda til politikarane i Vinje før han har fått ei utgreiing om kvifor kommunen trekk seg.
Styret i Hardangerviddasenteret har gått av, og blir erstatta av eit nytt styre med representantar frå Tinn kommune.
Er blitt eit pengesluk
Hardangervidda Nasjonalparksenter er eit pengesluk.
Det meiner ordførar Arne Vinje i Vinje. Han seier at det var årsaka til at kommunen ikkje vil gå inn med meir pengar til nasjonalparksentret.
Arne Vinje seier at kommunen har investert veldig mykje i nasjonalparksenteret gjennom mange år.
- Vi synes ideen er veldig god, men det har vist seg at det har vore umogleg få lønsemd i senteret. Det har blitt eit pengesluk av dimensjonar, seier Vinje.