Hopp til innhold

Senter for Aasmund Olavsson Vinje

Vinje kommune vil etablere nasjonalt senter for Aasmund Olavsson Vinje saman med Nynorsk kultursentrum.

Aasmund Olavsson Vinje
Foto: SCANPIX / SCANPIX

Kulturdepartementet var torsdag i Vinje for å sjå på planen om å lage eit nasjonalt Aasmund Olavsson Vinje-senter.

Det er Vinje kommune i samarbeid med Nynorsk kultursentrum i Ørsta som ønsker å etablere senteret. Kultursenteret skal ligge på Vinjar nær fødestaden til Aasmund Olavsson Vinje.

Jon Rikard Kleven

Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje.

Foto: Senterpartiet

Nynorsk kultursentrum har teke på seg å leie eit utviklingsprosjekt for Vinje-senteret som skal leggje fram ei samla tilråding innan utgangen av 2015.

– Vi ønskjer å få på plass senteret for å ta vare på den litterære kulturarven. Og Aasmund Olavsson Vinje var den første som bruka nynorsk i sin journalistikk og prosa, seier ordførar i Vinje. Jon Rikard Kleven.

Tanken bak Aasmund Olavsson Vinje-senteret er eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter i Vinje som skal stimulere til at ny litteratur blir skapt.

Kleven fortel at responsen frå departementet var positiv, utan at kommen fekk noko klart svar.

– Vi kjem til å sende ein søknad til departementet om pengar til drifta når vi har ferdig ein plan med budsjett, finansiering og drift, seier Kleven.

Starta arbeidet i 2014

Vinje kommune godkjente vinteren i 2014 ein intensjonsavtale med Nynorsk kultursentrum om Vinje-senteret om å bruke bygningen til Vinje skule.

– Vinje kommune meiner alvor når vi no set i gang arbeidet for å skape eit Vinje-senter for dikting, journalistikk og språkleg mangfald. Med Nynorsk kultursentrum har vi fått den samarbeidsparten vi ønskte, sa dåverande ordførar Arne Vinje.

Nynorsk kultursenter har tidlegare opna Hauge-senteret i Ulvik i det gamle heradshuset i Ulvik som eit senter for Olav H. Hauge og lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser.

– Alle røynslene frå dette arbeidet kjem Vinje-senteret til gode, sa styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark