Hardangervidda Villreinutval foreslår ein fellingskvote på 7000 vaksne bukkar hausten 2019. Årsaka er Mattilsynets krav om raskast mogeleg å finne ut om villreinbestanden er smitta av skrantesjuke.
Stein Lier-Hansen er ivrig jeger, og har saman med grunneigarar og fjellstyre skrive under eit opprop mot den store fellingskvoten.
Stein Lier-Hansen er kritisk til villreinkvote.
Foto: Bent Lindsetmo / NRK– Dette er eit eksperiment. Ingen kan seie sikkert kva som blir konsekvensane. Reinsdyrstamma blir utsett for eit unødig stress ved å gjere det på denne måten.
Is i magen
Lier-Hansen seier at så lenge dette ikkje er grunngjeve som eit heilt nødvendig tiltak for å utrydde skrantesjuke (CWD), men heller eit hastetiltak for å klargjere villreinen på Hardangervidda for overføring til Nordfjella, så må ein kunne bruke meir tid.
– Ein kan ikkje la seg presse så hardt av eit politisk vedtak.
Eigil Reimers, professor emeritus ved institutt for Biovitenskap, som forskar på reinsdyr og har skrive under på oppropet, er kritisk til korleis ein så stor fellingskvote kan påverke tilveksten i reinsdyrstamma.
Reimers meiner det blir for drastisk fordi det blei tatt ein del prøver for skrantesjuke i fjor.
– Dei må ha litt is i magen og ta ut dei reinsdyrbukkane som trengst over fem år, seier Reimers.
Vil hindre smitte
Vinteren 2017–2018 blei heile villreinstamma i sone 1 i Nordfjella slakta ned etter at det blei oppdaga skrantesjuke.
Hallgeir Herikstad som er skrantesjukekoordinator i Mattilsynet avviser at det er eit hastverkstiltak. Men han bekreftar at målet, i tillegg til å friskmelde villreinstamma, er å få opp stammen i Nordfjella igjen.
Hallgeir Herikstad i Mattilsynet.
Foto: Mattilsynet– Viss det er smitte til stades på Hardangervidda, så er det viktig å sette inn nødvendige tiltak for å forhindre at det spreier seg.
Han seier at Hardangervidda er eit av dei områda som er peika ut for å hente dyr som skal førast tilbake til Nordfjella når perioden med brakklegging er over.
– Eg vil ikkje kalle det for eit eksperiment. Eg innrømmer at det er mykje vi ikkje veit, men samstundes veit vi så mykje at det er viktig å handle, og ikkje sitte med hendene i fanget.
Smittefri i 2020
Mattilsynet ønskjer å ta ut nok dyr for å ta prøver i perioden 2019 -2020 til at det er minst 90 prosent sannsynleg for at Hardangervidda er fri for smitte.
Veterinærinstituttet har rekna ut frå premiss som villreinutvalet ønskjer, at eit uttak av rundt 2300 bukk vil gjere det sannsynleg for at Hardangervidda er fri for smitte i 2020.
– Det er mykje usikkerheit knytt til kor mange dyr det er mogleg å felle under jakta. For å nå målet, vil det difor vere svært viktig at mange dyr blir tatt ut alt under jakta hausten 2019, seier Herikstad.
Herikstad seier at Mattilsynet held seg til den faglege planen som er godkjent av departementet.
Bilete viser statleg jaktlag i sving på Hemsedalsfjellet. Villreinutvalet ønskjer ikkje at det skal skje på Hardangervidda.
Foto: Håvard Heggen / NRKStaten skal ikkje felle dyr
Henning Poulsson er grunneigar på Møsstrond og medlem i Villreinutvalet som nå har kvoteforslaget ute på høyring.
Han forstår at folk er bekymra når så mange bukkar skal skytast ut for å avverje skrantesjuke.
Men, seier Poulsson, dei vil ikkje ha ein situasjon som i Nordfjella, der staten sto for nedslaktinga.
– Det er derfor vi har dette opplegget for å hindre at staten går inn og står for jakta.
Villreinutvalet meiner at i den grad det skal skytast mykje og rart på vidda, så skal grunneigarane gjere det. Felling av dyr skal kome dei som har rettane og grunneigarar til gode.
– Med ein kvote på 7000 dyr, så har vi eit håp om at vi kanskje klarar å felle 1800 dyr, seier Poulsson.