NRK Meny

Villreinen trekker inn i Vinje

Det er framleis mogeleg å nå målet om å felle 2.500 reinsdyr under villreinjakta på Hardangervidda. Det seier Svein Erik Lund i Hardangervidda villreinutval. Tidleg i jakta stod dyra samla i Tinn og Nore Uvdal, men no har reinen trekt inn i Vinje og Hordaland. For å hindre at vinterstamme blir for stor har styresmaktene utvida jakta til den 12. oktober.