Hopp til innhold

Kraftig oppblomstring av fotråte – villrein på Hardangervidda dør

Villrein på Hardangervidda går ein smertefull død i møte. Smittsam fotråte herjar blant reinsdyra.

Fotråte hos villrein på Hardangervidda

Villrein som er smitta av fotråte bør avlivast for å hindre at smitten spreier seg, meiner Veterinærinstituttet. Dette er klauvene til villrein som er skadefelt under villreinjakta på Hardangervidda.

Foto: Norsk Villreinsenter Sør

Villreinsenteret på Hardangervidda har registrert ei kraftig oppblomstring av fotråte hos villrein under jakta denne hausten.

Fotråte er smertefullt for reinsdyra og dei fleste dør.

Anders Mossing ved Norsk Villreinsenter Sør meiner ein årsak kan vere at villreinen om sommaren står tettare enn hjortedyra på Vestlandet, som er kjent for å ha tette bestandar.

Dei tettheitene vi ser av villrein på Hardangervidda sommarstid er noko av det høgste for hjortevilt i Europa. Det er over 30 rein per kvadratkilometer på Hardangervidda sommarstid. Det er ganske tett.

Anders Mossing, fagkonsulent Villreinsenter Sør

Fagkonsulent Anders Mossing ved Norsk Villreinsenter Sør har registrert ei kraftig oppblomstring av fotråte hos villreinen på Hardangervidda.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Villrein som haltar

Også Statens naturoppsyn på Hardangervidda fortel at dei har fått inn uvanleg mange meldingar om fotråte på villrein frå jegerar og andre som ferdast på Hardangervidda.

Under villreinjakta i år er det meldt inn 83 reinsdyr som er skadefelt på grunn av fotråte. Veterinærinstituttet har tidlegera gått ut med råd om å felle dyr som er smitta.

Jan Øvregård frå Røldal har meldt frå om skadde reinsdyr etter ein fottur i området ved Hellevassbu.

– Eg registrerte ni reinsdyr som hadde fotråte. Og så fant vi tre døde kalvar og ei død simle. I tillegg såg eg fleire dyr som halta. Det er litt spesielt, synest eg.

Jan Øvregård, Røldal

Jan Øvregård frå Røldal observerte mange reinsdyr som hadde fotråte på ein fottur i Hellevassområdet i slutten av september.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Dei fleste dør

Anders Mossing ved Villreinsenteret seier det som er registrert truleg berre er ein liten del av dei reinsdyra som er smitta.

Fotråte er ein infeksjon med ein bakterie.

– Små rifter og sår i huda rundt klauvene fungerer som inngangsport for bakterien, seier Mossing.

Smitteoverføringa skjer i hovudsak i sommarhalvåret. Fuktige ver- og beiteforhold ser ut til å føre ein auke i talet på smitta dyr. Bakterien vil også kunne overleve i lang tid under slike forhold.

– Dette er ein smertefull prosess. I dei fleste tilfelle fører det til død, eller at dei mister den nedste delen av foten.

Fotråte hos villrein på Hardangervidda

Villrein som har fått fotråte på framklauvene vil ha vanskar med å grave fram mat til vinteren.

Foto: Norsk Villreinsenter Sør