Villrein kan stenge Imingfjell
Ein reinsflokk gjer det usikkert om vegen over Imingfjell mellom Tinn og Nore Uvdal kan brøytast til påske. Det står no 2000 villrein på Lufsjåtangen, aust for vegen. Viltstyresmaktene meiner at trafikk på vegen kan uroe reinen i ein sårbar periode.