Dei er sure og dei er gamle, men dei er meir enn det. Nå er det slått fast at dei er ville også.
Morten Johannessen hos Fylkesmannen i Telemark seier at ikkje alle kjenner til desse villepla.
– Dei fleste kulturvekstar kjem frå naturlege planter, så dette er oldefar til epla vi kjenner i dag. Desse epla kan vere ein genressurs for framtida om det blir nødvendig, seier Johannessen.
Eple i reservat
Norsk genressurssenter foreslår eit reservat på Jomfruland for villeple. Det er sjeldan at dei har så gode tilhøve til å ta vare på den eldste eplesorten som her. Og ein kan best ta vare på dei ved å la dei stå der dei står.
Då må ein passe på at epletrea får nok lys og at dei ikkje blir hogd eller konkurrert ut av andre tre.
Autentiske eple
– Genetikken på epla er sjekka og ein har funne ut at det er originale villeple som ikkje er kryssa med hageeple. Mange villtre ute i skogen er kryssa med hageeple, men dei er ikkje like interessante. Desse er autentiske, seier Morten Johannessen.
Sjølv om villepla er ukjende for mange, har dei som bur på Jomfruland kjent til dei lenge. Wiggo Nicolaysen er ein av dei.
– Vi har i mange år plukka villeple. Dei er veldig små og sure, men er fine til å lage gele av, seier Nicolaysen.