Ville vekstar er bra og billig helseforsikring

BØ (NRK): Det er berre å gå utanfor døra og plukke. Den fuktige og kalde våren gjer at naturen er full av gode nyttevekstar. Her er nokre av dei vanlegaste plantene.

Det spirer og gror ute i naturen, og mange av dei ville vekstene kan du eta. Dei er proppfulle av vitaminer og smakar godt.

Botanikar Odd Vevle har hagen full av nyttevekstar, og lagar naturkalender.

Journalist

Dei fleste av oss går forbi dei, og irriterer oss litt over det mange oppfattar som ugras, men i naturen sitt spisskammer er mange skattar.

Dei unge plantene og skota er mest velsmakande.

Brød med ost og kvanngele

Krydderbrød med tolv ulike krydder. Med vellagra ost og kvanngele blir det eit gourmetmåltid.

Foto: Anne Lognvik / NRK

1. Karvekål

Karvekål

Karvekål er som poteta. Smakar godt til mykje, og passar i lag med andre.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Denne tradisjonsrike grønsaksplanta finnast i nesten all slags slåtteeng. Er god saman med nestle i suppe og stuing. Kan tørkast eller forvellast.

2) Raumslauk

Ramslauk

Den norske «kvitlauken».

Foto: Anne Lognvik / NRK

Blada på ramslauk er ein kulinarisk godbit. Dei smakar som kvitlauk, og er lekre å bruke til mange ting. Når blomen har sprotte ut, er den ikkje så god, men knoppen er god. Kan hakkast smått og steikast i smør saman med engkarsestilkar. Nydeleg til fiskekaker. Særleg utbreidd i kystområda frå Kristiansand til Kristiansund.

3) Gaukesyre

Gaukesyre

Berre god og fin.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Gaukesyre er berre vakker, og både blomen og blada kan etast som snaks. Pyntar også opp på ein salat og i te.

4) Kvann

Blomstrande kvann

Blomstrande kvann.

Foto: Odd Vevle

Kvann har store grøne blad som eignar seg ypparleg til tørking. Smakar godt og passar til supper, sausar, gryterettar, oljemarinering. Kan gjerne blandast med litt tørkar rukkula og nesle. Kvann passar også ypparleg i gele, gjerne saman på litt vellagra ost på ei grov krydderbrødskive. Det latinske namnet er anglica archangelica som betyr erkeengel.

5) Nesle

Nesle

Nesle er velsmakande og lekker. Kan forvellast og tørkast.

Foto: Anne Lognvik / NRK

No er skogen og blomsterbed fulle av nesle. Skal du plukke dei, gjer du lurt i å ha på deg handskar. Nesle er full av jern og vitamin, og minner ikkje så lite om spinat. Er svært anvendeleg i stuing og supper. Kan forvellast og frysast ned som mange av dei andre grøne nyttevekstane.

6) Løvetann

Løvetann

Løvetann er vakker, men også nyttig.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Dei unge blada på løvetannen er lekre og kan brukast til mykje. Hattane på løvetannen eller gullbosten som den også blir kalla, kan brukast til vin, eller til å flette nydelege solkroner med.

7) Mjødurt

Mjødurt

Blomstrande mjødurt

Foto: Odd Vevle

Heiter filipendula ulmaria på latin, betyr noko slikt som hengjande tråd. Når mjødurt blømer, kan ein starte med slåttonna. I folketrua var også mjødurt sett på som afodisiakum som verkar stimulerande. Jenter i Jølster gav visstnok mjødurt-te til gutar som ikkje ville fri.

Plantene kan kokast, tørkast eller brukast rå som dei er i salatar, gryterettar, supper og marineringsolje. Eller i ein liten snaps eller saft.

Dram med natursmak

Dram med natursmak set ein spiss på måltidet for mange.

Foto: Anne Lognvik / NRK