Ville ikkje møte dei 100 som mista jobben

PORSGRUNN (NRK): Statsminister Erna Solberg var i dag på besøk hos Elkem Solar på Herøya for å feire 75 nye arbeidsplassar. Ho ville derimot ikkje besøke nabobygget RHI, der 100 personar nyleg mista jobben.

Erna Solberg - Elkem Solar

OMVISING: Verkssjef ved Elkem Solar, Geir Ausland, tok ein rundtur på fabrikken med Erna Solberg.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Erna Solberg besøkte i dag Porsgrunn i samband med opninga av Elkem Solar på Herøya. Fabrikken som produserer utstyr til Solcelleindustrien har til saman 75 tilsette. Statsministeren hadde sett av to og ein halv time til sitt besøk hos bedrifta. Ho hadde derimot ikkje tid til å ta turen til nabobygget, der stemninga ikkje er like positiv.

Odd Molid

FRUSTRERT: Klubbleiar ved RHI, Odd Molid, tykkjer det vart trist at statsministeren ikkje ville møte dei.

Foto: Roald Marker / NRK

Eg vil ikkje gå så langt som å kalle det provoserande, men det er jo trist at ho ikkje ville møte oss, seier Odd Molid.

Molid er klubbleiar i bedrifta RHI. I august kom meldinga om at bedrifta som, produserer magnesiumoksid, måtte kutte 100 stillingar med umiddelbar verknad. Årsaka til kutta var at bedrifta ikkje greier å konkurrere med prisane frå kinesiske bedrifter. Molid tykkjer regjeringa må sjå på rammevilkåra for norsk industri, og at dei må vere meir aktive for å hjelpe norsk industri opp og fram.

Robin Kåss

RART: Ordførar i Porsgrunn, Robin Kåss, tykkjer det er merkeleg at Erna Soberg ikkje tok seg tid til å besøke RHI.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ordførar i Porsgrunn, Robin Kåss, tykkjer det er flott at statsministeren kjem til Herøya for å kaste glans på Elkem Solar. Men også ordføraren meiner at Solberg burde teke seg tid til eit eige møte med dei RHI-tilsette.

– Eg tykkjer det er rart at ho ikkje har tid til å ta seg ein tur bort til nabobygget og snakke om utfordringane i industrien. Årsaka til at RHI må kutte 100 stillingar her i Porsgrunn er ikkje noko me som kommune kan gjere noko med, der må regjeringa ta grep. seier Kåss.

RHI, magnesiumsfabrikk, Herøya

MÅ KUTTE: RHI i Porsgrunn måtte kutte 100 stillingar i august.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Tett program

Dei var invitert til å kome hit for å prate med meg, og halde eit kort innlegg om sine tankar, men det valde dei å seie nei til, seier Erna Solberg.

Erna Solberg

FEKK TILBOD: Statsministeren seier dei tilsette ved RHI var invitert til arrangementet.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Solberg legg til at ho også hadde eit ferdigsydd opplegg i Porsgrunn som det var vanskeleg å endre på. Ho peiker også på at etter besøket i Porsgrunn måtte ho reise rett til Tønsberg.

Odd Molid seier at dei valte å takke nei til invitasjonen frå Statsministeren fordi dei følte rammene for møtet ikkje var gode nok.

– Eit slikt kort møtet er ikkje nok tid til å få fram våre bekymringar. Me måtte minst hatt ein halvtime saman med statsministeren i eit eige møte, seier Molid.