SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Politiet set i gang ekstra tiltak for å stoppe innbrot i bilar.
Denne typen vinningskriminalitet er eit stort problem i Grenlandsområdet.
Politiet vil patruljere aktuelle område som er utsett for bilinnbrot.
Dag Størksen som er leiar ved ved Grenland politistasjon seier det er sett iverk nye utradisjonelle tiltak for å stoppe denne typen kriminalitet.
Lysbilete på kino
- Vi kjem til å dele ut flygeblad i bustadområde som er mykje utsett for innbrot i bilane. Vi kjem til å sette opp skilt på parkeringsplassar og køyre lysbilete på kinoane, seier Størksen.
I tillegg lovar politiet meir patruljering med politi på stader som har mykje bilinnbrot. Det blir gjort etter analyser som politiet har gjort.
- Det er ofte dei store parkeringsplassane i Skien og Porsgrunn som har mest innbrot i bilane. Vi opplever også at parkeringsplassar som er godt opplyst har færre innbrot enn dårleg opplyste parkeringsplassar, seier Størksen.