SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Ordførar i Bamble, Anne Blaker, tek no til orde for å innskjerpe alkoholpolitikken i Grenland.
Anne Blaker er ordførar i Bamble.
Eit av tiltaka ho vil ha innført, er at alle restaurantar og pubar i Grenland må stenge samstundes.
Lei av trafikk
No vil Blaker ta kontakt med dei andre grenlandskommunane, og blåse støv av planane om alkoholsamarbeid.
- Vi er litt lei av trafikken med folk som går fram og tilbake til dei utestadene som er opne, seier ho.
Blaker meiner det fører til oppsamling av folk, noko som igjen fører til at det blir knuffing og slåsskamp.
- Vi har eit alkoholpolitisk utval. Utfordringa blir å få utvala til å fungere, fordi politikarane ikkje har dette på partiprogramma, seier ho.
Kan bli vanskeleg
Blaker vil ta initiativ til at desse utvala kjem saman, og at dei får eit mandat frå kommunestyra i dei fire grenlandskommunane Skien, Porsgrunn, Bamble og Siljan.
Det enklaste er kanskje å bli einige om at utestadene i Grenland skal stenge samstundes.
Litt verre er det kanskje å bli einige om når ølkranene skal stenge.
- Eg trur det kan bli vanskeleg, innrømmer Blaker.