Hopp til innhold

Vil starte opp måndag

Dei nye NEMEKeigarane håpar å starte opp igjen produksjon i Åmot i Vinje på måndag. 

Thor Jegard
Foto: Anne Lognvik / NRK

Qmatec og Kolberg Caspary Lautom heiter dei to firmaene som har gått inn med ein eigarprosent på 60 og 40 prosent for kjøpet av konkursbuet til NEMEK i Vinje.

Torsdag var dei nye eigarane i Åmot for å informere dei tidlegare NEMEKtilsette.

Stor og solid stab 

Qmatec ved Kjell Arild Grønås er majoritetseigar med 60 prosent av aksjane i selskapet som tar over konkursbuet i NEMEK.

- Vi har ambisjonar om å oppretthalde ein stor og solid stab. Men eg kan ikkje vere heilt konkret på det no, seier han.

Grønås er opphaveleg frå Fjone i Nissedal, men følgjer framleis med i lokalvisa for å få med seg det som skjer i Vest-Telemark.

Vil kome fort igang

Han håpar dei skal kome igang med produksjonen så fort som mogleg, sjølv om det manglar ein del materiale og utstyr.

- Men vi ser for oss at det blir aktivitet alt på måndag, seier han.

 

Kjell Arild Grønås
Foto: Stine Hansen / NRK

Kjell Arild Grønås seier han føler at dei nye eigarane har god kontakt med Vinje kommune.

- Vi er glade for at vi har vunne fram i denne prosessen, og eg trur vi har eit godt alternativ som vil gje alle ein betre kvardag, seier Grønås.

Pionerbedrift

Kolberg Caspary Lautom er den andre eigaren med ein eigardel på 40 prosent. Thor Jegard seier at dei har 35 års erfaring med hydraulikk og var ein av pionerane på dette området i Noreg.

- Eg trur det var noko av det TESS mangla med tanke på å levere høgteknologiske løysingar, seier han.

Kolberg Caspary Lautom har hovudkontor i Asker og har 100 års jubileum i år. Firmaet blei stifta i 1906. Lautom som er den andre delen i firmaet er 80 år i år.

Menneska er kapitalen

- Det er med andre ord gamle tradisjonar i firmaet som skal hjelpe Vinje med arbeidsplassar i framtida.

Han seier at menneska er den viktigaste kapitalen i gamle NEMEK, fordi dei er pionerar på denne boreteknikken.

- Det er den største eigenkapitalen i Åmot. Dette blir spennande, seier Jegard.

Han ser fram til å bli invitert med på eit jaktlag eller skaffe seg hyttetomt i Vinje.