Hopp til innhold

Ap vil ha foreldra til å spleise på skolematen

SKIEN (NRK): Arbeidarpartiet vil innføre ei ny ordning med skolemat til alle barn i grunnskolen. Ordninga skal bli finansiert gjennom eit spleiselag mellom stat, kommune og foreldre. Men ikkje alle vil vere med på det.

Elever forsyner seg av gratis skolemat ved Gimsøy skole

UTAN MAT OG DRIKKE: Elevar forsyner seg av gratis skolemat ved Gimsøy skole i Skien.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Dette er eitt av forslaga som blei lagt fram av partiet sin programkomité i går.

Ole Geir Hoppestad

Ole Geir Hoppestad er leiar for hovudutval for oppvekst i Skien for Arbeidarpartiet.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Ikkje alle skolebarn får i seg maten dei trenger. Derfor vil Arbeidarpartiet at alle barn skal få eit enkelt brødmåltid på skolen kvar dag.

– Det visar seg at mange ungdomar kjem på skolen utan skolemat. Det er viktig for at dei skal halde ut skoledagen og få betre læring, seier Ole Geir Hoppestad som representerer Arbeidarpartiet i bystyret i Skien.

Foreldre skal vere med å spleise

Arbeidarpartiet vil at ordninga skal vere eit spleiselag mellom Staten, kommunane og foreldre. Det vil ikkje Foreldreutvalet for grunnopplæringa vere med på.

Gunn Iren Müller

Gunn Iren Müller er leiar for foreldreutvalet for grunnskoleopplæringa.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Kva då med gratisprinsippet i skolen? Vi er veldig opptatt av at det skal vere gratis å gå på skolen i Noreg. Viss dette fører med seg at foreldra skal vere med å betale, så kan ikkje vi støtte det, seier Gunn Iren Müller.

– Eg trur ikkje det treng å bli så mykje dyrare enn å smørje ei matpakke. Og så kan det hende at elevane synest det er mykje betre enn å få ei sveitt matpakke med ost og saltpølse som har lagt i sola. Så eg trur dette kan bli eit betre ordning for dei aller fleste, seier Hoppestad.

Fleire elevar manglar niste

Sten Rune Sannerholt, rektor Gimsøy skole

Sten Rune Sannerholt er rektor ved Gimsøy skole.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Ei undersøking gjort av Forskingsrådet viser at ni av ti elevar har med seg niste på skolen.

Men rektor ved Gimsøy skole i Skien trur ikkje det er realiteten når det gjelder ungdomsskoleelevane, og ønsker Arbeidarpartiet sitt forslag velkommen.

– Når det gjeld ungdomsskole, så ser vi at det er fleire og fleire elevar som manglar niste og heller ikkje har ein særleg næringsrik lunsj, seier Sten Rune Sannerholt.

Amin Wadih, elev ved Gimsøy skole

Amin Wadih er elev ved Gimsøy skole.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Ved Gimsøy skole har dei alt eit tilbod om mat. Dei som har gløymt nista, eller ikkje har pengar til å kjøpe kantinemat, kan forsyne seg av enkel brødmat kvar dag. Og det heilt gratis.

– Viss eg ikkje har med pengar, så et eg gratis mat. Eg synest det er veldig bra for dei som ikkje med seg mat, og ikkje har pengar til å kjøpe i kantina, seier Amin Wadih, elev ved skolen.