NRK Meny
Normal

Vil slå saman tre kommunar i Midt-Telemark

SKIEN (NRK): Fylkesmannen foreslår for Stortinget å slå saman Bø, Sauherad og Nome til ein kommune i Midt-Telemark. Stortinget kan nå overprøve kommunestyret i Nome sitt nei til å bli slått saman med Bø og Sauherad.

Kari Norheim Larsen

Fylkesmann Kari Nordheim-Larsen la fram konklusjonen for samanslåing av Bø, Sauherad og Nome.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Fylkesmann Kari Nordheim-Larsen seier dette er ein region som har jobba tett gjennom mange år, og som ligg geografisk nære kvarandre.

I tilrådinga foreslår Fylkesmannen at etableringa skjer frå 1, januar 2020 og at vedtaket om samanslåing blir tatt i Stortinget si behandling av kommunereformen våren 2017.

– Det er også tre kommunar som har slite med å få budsjetta sine til å henge saman. Så det er mange gode argument for at det gode samarbeidet i Midt-Telemark vi trivest godt i ein ny kommune, seier Nordheim-Larsen.

Midt-Telemark

Ein kommune i Midt-Telemark med Bø, Nome og Sauherad kunne bli slik.

Stortinget avgjer neste år

Fylkesmannen seier det er ein del av den vurderinga som er gjort for å kunne bruke unntaksregelen som regjeringa har gjeve fylkesmannen i oppgåve å vurdere å bruke.

– I Nome og Bø er det to folkerøystingar som seier nei til ei slik samanslåing. Likevel går Fylkesmannen inn for dette. Er det så enkelt å bryte med folkeviljen?

– Det er difor denne unntaksregelen er der, og eg vil ikkje tru det blir mange slike unntak rundt om i landet. Men der det er klare regionale fordelar, og det ligg godt til rette for det, så meiner vi regjeringa bør få høve til å vurdere dette og presentere det for Stortinget. Vi gir berre eit råd, seier Nordheim-Larsen.

Er ikkje overraska

Ordfører Mette Haugholt i Sauherad

Ordføraren i Sauherad var ikkje overraska over konklusjonen.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

Ordførar Mette Haugholt i Sauherad har støtte blant innbyggarane for ein kommune i Midt-Telemark.

– Eg blei ikkje overraska over konklusjonen til Fylkesmannen. Eg er litt glad, samstundes som eg ser at det kan bli komplisert. Bø og Sauherad vil starte prosessen med ei samanslåing, og korleis Nome skal kome med i dette ser eg ikkje for meg nå, seier Haugholt.

Ordførar i Bø, Olav Kasland, trur ikkje konklusjonen frå Fylkesmannen vil gjere samanslåingsprosessen meir komplisert.

– Bø og Sauherad vil halde fram med det prosjektet vi har fram til Stortinget har tatt ei endeleg avgjerd, seier Kasland.

Han legg til at det er eit interkommunalt samarbeid med Nome, som vil halde fram.

Vil spørje kommunestyret

Bjørg Tveito Lundefaret

Ville legge fram konklusjonen for kommunestyremedlemmene i Nome.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Heller ikkje ordførar Bjørg Tveito Lundefaret i Nome er overraska over konklusjonen til Fylkesmannen.

– Men eg har eit vedtak i kommunestyret eg må stelle meg til. Og det er det som gjeld per i dag, seier Tveito Lundefaret.

Men ordføraren kjem til å spørje kommunestyret om dei vil ta saka opp til ny vurdering etter at Fylkesmannen har kome med sin konklusjon.