Hopp til innhold

– Vil ha full kontroll og mykje kunnskap

Kvinner vil ha full kontroll og mykje kunnskap for å engasjere seg i lokalpolitikken. Difor er det viktig med skolering, meiner Senterkvinnene.

Kari-Anne Nordbø, Nissedal

Kari-Anne Nordbø seier at kvinner ønskjer skolering før dei engasjerer seg i lokalpolitikken.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Senterpartiet posisjonerer seg før valkampen set i gang for alvor, og startar opp med skolering av kvinnelege politikarar.

Senterkvinnene er lei av skeivfordeling i politikken og vil lære opp kvinner til å engasjere seg som lokalpolitikarar.

Leiar i Senterkvinnene i Telemark, Kari-Anne Nordbø frå Nissedal, seier at kvart fjerde år må partia leite etter folk som vil bli med i lokalpolitikken.

– Og det kan vere vanskeleg, seier Nordbø.

Les også: Få vil være politikere i Telemark

Kvinner og menn er forskjellige

Samstundes er det også flinke folk i politikken som partia gjerne vil behalde.

– Difor synest Telemark Senterparti det er viktig å tilby skolering som ein del av rekrutteringsarbeidet, og ein del av det å ta vare på dei folka vi treng i lokalpolitikken, seier Nordbø.

– Kvifor rettar de skoleringa mot kvinner?

– Kvinner og menn er forskjellige. Og det er veldig typisk for kvinner å tenke at dei må vere veldig kvalifisert og veldig førebudd viss dei skal klare å vere lokalpolitikar.

Kari-Anne Nordbø, Nissedal

Kvinner og menn er forskjellige, seier Kari-Anne Nordbø i Senterkvinnene.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Nordbø seier at skoleringa er eit forsøk på å møte desse kvinnene og tilby dei politisk skolering. Men det vil også vere ein arena der dei skal kome for å bli kjent med fleire.

– Dei skal føle på at dei er mange saman i eit nettverk, og at det alltid er mogleg å kontakte andre som kan hjelpe, seier Nordbø.

Les også: Aarebrot: – Unge politikarar treng barnepass

Kvinner vil vere flink pike

– Har kvinner større behov for dette enn menn?

– Menn kan vere litt tøffare og hoppe i det med begge beina. Ta det derifrå og lære undervegs.

– Kvinner har ein tendens til å vere flink pike i forkant. Dei vil ha full kontroll og mykje kunnskap, seier Nordbø.

Senterkvinnene opplever stor oppslutning om politiske kurs. Og held kurs for kvinner frå heile Telemark mellom 20 og 80 år.

Målet med skoleringa er å få fleire kvinner med i lokalpolitikken, for å få inn i kommunestyra den viktige delen som kvinner står for.

– Dei sakene kvinner løftar fram er gjerne annleis enn dei menn vil ha fram. Og difor er det viktig å få den rette kjønnsbalansen i politikken, seier Nordbø.

Les også: Nominert til ordførerkandidat etter partibråk