NRK Meny

Vil sjå på sikring av cointainerar

Vegdirektoratet er i gang med å sjå på om regelverket for sikring av containerar er godt nok. Fleire ulykker der containerar har losna frå lastebilar, blant anna i Maristigen på Rjukan i førre veke, viser at det er nødvendig. Betre regelverk, hyppigare kontroll og opplæring er tiltak som er foreslått for å redusere risikoen.

  • Havnet i elva etter utforkjøring

    En varebil kjørte av veien ved Grova i Drangedal like før 18.00 tirsdag kveld. Bilen havnet på taket i ei elv. Det var to personer i bilen. Begge ble kjørt til akuttmottaket ved Sykehuset Telemark med ukjent skadeomfang, den ene i luftambulanse.

  • Powerhouse på vent

    Powerhouse-bygginga i Porsgrunn er utsett, skriv Varden. Bygginga av det elleve etasjar høge kontorbygget ved Frednesbrua skulle etter planen stå ferdig fyrste kvartal 2019. Nå blir det truleg forsinka med fleire månadar.

    Powerhouse i Porsgrunn
    Foto: R8
  • Dyrare søppel neste år

    Søppeldunken blir dyrare for nesten alle i Grenland frå nyttår. Den største auken kjem i Porsgrunn, skriv Varden. Anne Berit Steinseth i Grenland Renovasjon seier at det er kommunane som fastset prisane, og at dei vil variere frå år til år.

    Søppel, søppeldunker i Karasjok
    Foto: Dan Robert Larsen / NRK
  • Nytt akuttmottak på Notodden

    Sjukehuset på Notodden får eit nytt og betre akuttmottak. Frå midten av januar flyttar akuttmottaket til større lokale i fyrste etasje, noko som blir betre for både pasientar og tilsette, skriv sjukehuset i ei pressemelding.

    Sykehuset på Notodden
    Foto: Anne Lognvik / NRK