NRK Meny

Vil sikre Grimdalstunet

Kommunestyret i Tokke vil sikre vidare drift for Grimdalstunet. Kommunen løyver totalt 340 000 kroner, og målet er at Grimdalstunet skal slåast saman med Vest-Telemark museum frå 1.1.2017. Det er sett som vilkår at staten går inn med kr 500 000, som er skissert frå Kulturdepartementet side, skriv ordførar Jarand Felland på si facebookside.

Jarand Felland, ordfører i Tokke kommune
Foto: Lars Tore Endresen / NRK
  • Er bekymra for skuletilbodet

    Fylkespolitikar i Ap, Maja Foss Five, er bekymra for tilbodet ved dei mindre skulane, dersom fritt skuleval blir gjeldande i det nye samanslåtte fylket. I dag er det ulik praksis, der Vestfold har fritt skuleval, medan Telemark ikkje har det.

    Maja Foss Five, Arbeiderpartiet
    Foto: Ragnar Lurås / NRK
  • Slår seg saman

    Kragerø Kraft as og Fredrikstad Energi Marked slår seg saman. Det skjer ved at Kragerø Energi Holding kjøper aksjar i Fredrikstad-selskapet. Direktør i Kragerø Holding, Geir Elsebutangen, seier dei erkjenner at dei er for små åleine.

    Geir Elsebutangen
    Foto: Roald Marker
  • Kritiserer utsatte ender

    Stokkender som ble satt ut i sommer for å bli jaktet på i Telemark, er funnet igjen i Bugårdsparken i Sandefjord, Sverige, Danmark og Nederland. Rikmannsjakta fører på denne måten til genetisk forurensing, mener Norsk Ornitologisk Forening. Godseier Leopold Axel Løvenskiold mener funnene viser at stokkendene er ville.

    Stokkender i gresset
    Foto: Chetan Rastogi / NRK