Hopp til innhold

Er skuffa over miljøvernministeren

BREVIK (NRK): I Brevik og området rundt er mange skuffa over at miljøvernministeren vurderer å overprøve lokaldemokratiet i saka om avfallsdeponi i Brevik.

Svein Meyer, Brevik

Svein Meyer er redd for ulykker når farleg avfall kjem til Brevik på skip.

Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRK

Svein Meyer bor på Heistadtangen og er med i Fellesforum for Heistad, Brattås og Skjelsvik.

– Vi undrar oss litt at Miljødirektoratet har som utgangspunkt at giftdeponiet bør kome til Brevik. Vi synest det er rart når bystyret har sagt så klart at vi ikkje ønskjer det hit, seier Meyer.

Les også: Kan overkjøre kommunen

Aktive på sosiale medium

Tine Sundtoft

Miljøminister Tine Sundtoft seier ho ikkje vil sjå bort frå at Staten overprøver lokalpolitikarane.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Han fortel at folk i Brevik har vore veldig aktive på sosiale medium med sin motstand mot å få eit deponi for farleg avfall lagt til kalksteingruvene til Norcem, når gruvedrifta tar slutt.

– Vi fekk over 3500 liker på Facebooksida vår. Så folk vil kort og godt ikkje ha det hit, seier Meyer.

På torget i Brevik er det fleire som er imot eit deponi for farleg avfall. Sturle Oterhals og Lis Brorsen Kittelsen bor i området, og tenkjer mest på barnebarna.

– Dei kan finne andre område her i landet. For det er nok av eigna stader, det er berre snakk om økonomi, seier Oterhals.

Skal vere langt frå folk

– Dei må finne ein stad i Noreg, og uansett så vil jo folk seie at dei ikkje vil ha det i sitt nærområde. Skal ikkje vi ta ansvaret då?

– Nei. Då skal vi stille oss på linje med dei andre og seie frå om at vi ikkje vil ha det. For det er farleg avfall, og det skal vi ha respekt for skal behandlast på ein ordentleg måte. Det skal vere langt ifrå folk, seier Oterhals.

– Nå har farleg avfall blitt lagra på Langøya der det ikkje bur nokon, og vi veit ikkje korleis det vil bli om det farlege avfallet kjem hit til gruvene i Brevik, seier Brorsen Kittilsen.

Er redd for ulykker

Svein Meyer på Heistadtangen har han kort veg til stranda og også utsikt til Breviksterminalen. Der ser han for seg at fleire båtlaster med farleg avfall vil komme sjøvegen til gruvene, og er redd for ulykker.

– Ei konsekvensutgreiing tar utgangspunkt i kor lite sannsynleg det er. Men uansett så skjer det ulykker. Og det skjer alltid uventa, seier Meyer.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark