Hopp til innhold

Vil oppklare valdtekter i Seljord

Politiet håpar å oppklare valdtektene under Countryfestivalen i Seljord om kort tid.

Kjetil Rakkestad

Etterforskingsleiar Kjetil Rakkestad seier at politiet har sikra seg prøver som kan innehalde DNA-spor i valdtektsakene på Countryfestivalen i Seljord.

Foto: Knut-Øyvind Hagen / NRK

Politiet fortset etterforskinga av dei anmeldte valdtektene på Countryfestivalen i Seljord. Fire kvinner har anmeldt valdtekter, og ein mann i 20-åra er sikta for den eine valdtekten. Han blei sett fri etter avhøyr hos politiet.

I dei tre andre valdtektssakene er gjerningsmannen ukjent.

Les også:

Kvinnene skal ha blitt valdtekne på campingplassen under Countryfestivalen. Den eine valdtekten skjedde natt til fredag, den andre natt til laurdag og dei to siste natt til sundag.

Prøvar å finne DNA-spor

Etterforskningsleiar Kjetil Rakkestad seier at politiet fortsatt ser valdtektene som fire separate saker, og håpar å oppklare desse i løpet av kort tid.

– Vi etterforskar valdtektene vidare. Det blei gjort ein del etterforsking på staden i helga under Countryfestivalen som vi følgjer opp denne veka.

Alle kvinnene er blitt undersøkt på valdtektsmottaket i Skien, og det er sikra prøver.

– Desse prøvene er nå sendt vidare til analyse med tanke på å finne DNA-spor, seier Rakkestad.

Det blir også gjort fleire avhøyr i saka for å prøve å oppklare sakene.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark