Hopp til innhold

Skal finne løysing for Lannavegen

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp) får ansvar for å finne ei løysing på trafikkproblema på Lannavegen i Nome.

Terje Riis-Johansen

Fylkesordføraren skal i samtale med vegstyresmaktene for å finne ei løysing på trafikkproblema på Lanna.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

Det har Samferdsleutvalet i fylket vedteke.

Utvalet ber fylkesordføraren ta kontakt med Nome kommune, Statens vegvesen og Samferdsledepartementet for å finne ei løysing, slik at trafikken på riksveg 36 ikkje flytter til fylkesveg 359 når det blir sett opp ein bomstasjon på Årnes. nær kommunegrensa til Sauherad.

Det var ordførar Bjørg Tveito Lundefaret (Ap) som tok saka opp med medlemene i samferdsleutvalet, før det ordinære møtet i utvalet i dag.

Les også:

Bompengar gjev trafikklekkasje

Bjørg Tveito Lundefaret

Bjørg Tveito Lundefaret er redd for at trafikken flytter frå riksvegen til Lannavegen.

Samferdsleutvalet vil bygge ut riksveg 36 mellom Slåttekås og Årnes med bompengar. Ordførar Bjørg Tveito Lundefaret er redd for at dette vil "flytte" store deler av trafikken frå riksveg 36 til den trafikkfarlege Lannavegen.

– Statens vegvesen reknar med ein lekkasje på 20 prosent frå riksveg 36 til Lanna. I så fall vil døgntrafikken på Lannavegen auke med 800 bilar, seier Bjørg Tveito Lundefaret.

Ordføraren nøgd

Sjølv om ordføraren ikkje fekk løysinga ho bad om i dag, er ho nøgd med vedtaket.

– Nome kommune blei møtt med respekt. Eg kjenner med trygg på at både samferdsleutvalet og fylkesordføraren ynskjer å finne ei løysing, seier Bjørg Tveito Lundefaret.

Lannavegen.

Lannavegen kan rase ut i vassdraget.

Foto: Statens vegvesen

Leiar i samferdsleutvalet, Sigbjørn Molvik (SV), seier at det var viktig å vedta planen om bomfinansiering no.

– Målet er at Stortinget kan godkjenne planen i sommar, slik at anleggsarbeida kan ta til i 2015, seier Molvik.

Riksvegen frå Slåttekås til Årnes skal byggast ut for 336 millionar kroner. Anlegget skal finansierast i ein bom som etter planen skal stå på Nome si side av kommunegrensa mot Sauherad.

Fylkestinget i Telemark gjer endeleg vedtak den 25. februar.