NRK Meny

Vil legge ny kabel i Tinnsjø

Telenor har søkt om å legge ein ny og større innsjøkabel i Tinnsjø i mai. Det er større krav til tryggleik i nettet og høgare etterspørsel etter kapasitet i fast- og mobilnett som har ført til behov for ei oppgradering. Den nye kabelen vil ligge på same stad som den gamle, bortsett frå at den vil gå på austsida av Langøy og ikkje på vestsida som nå.