Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Vil legge ned Kverndammen barnehage reporter Ingebjørg Bø
- Kommune: Skien
Kverndammen barnehage, som ein av dei opne barnehagene i Skien, har igjen fått kniven på strupa.
Vel 400.000 kroner er spart dersom drifta av barnehagane vert avslutta.
Rasar mot forslaget
Illustrasjonsfoto.
Mødrene er opprørte over kommunens forslag om avvikling.
- Eg synest det er heilt forferdeleg. Først sett dei i gang eit slikt tilbod som fungerer godt. Og så skal dei ta det frå 0ss.
Susanne Dehli frå Skien er ei av mange heimeverande småbarnsmødre som Rasar mot kommunens forslag om å leggje ned barnehagen.
Sentral møteplass
Som mor til tre har ho nytta seg av tilbodet i ti år og har fått erfare kor viktig barnehagen har vore for heile familien.
Til den opne barnehagen kjem både barn og foreldre.
Han er open to og tre dagar i veka, og er ein sentral møteplass for båe partar.
- Det finst jo ingen barn i gata lenger. Dei er jo anten på skule eller i barnehage. Dette har vore kjempeviktig både for mor og barn, seier Dehli.
Ber politikarane tenke seg om
Ho fryktar det blir vanskelegare å ha eit sosialt liv utan barnehagen både for mødre og barn.
- Det blir kjempetrist, seier Dehli.
I kveld skal saka opp i formannskapet i Skien.
Og Dehli oppfordrar politikarane til å tenke seg godt om før dei avgjer framtida til barnehagen.