NRK Meny

Vil kjøpe ledige REC bygg

To store industrigrupper i solcellebransjen, ein norsk og ein kinesisk, vil kjøpe dei ledige industribygga etter REC Wafer på Herøya. Den norske er eit samarbeid mellom Elkem Solar og Norwegian Crystals. Det kan bli snakk om 70 til 80 nye arbeidsplassar. Dei interesserte kjøparane meiner prisen på 315 millionar kroner er altfor høg og er i samtaler med bustyret.