NRK Meny
Normal

Vil kjøpe Herøya Industripark

Hydro vil ikkje flagge når Herøya Industripark blir lagt ut for sal, men lokal kjøpargruppe er no klar.

Yara Porsgrunn
Foto: Anne Lognvik / NRK

Denne veka blir eit lokalt selskap meldt til Brønnøysundregisteret, og då er alle formalitetar på plass for å kunne kjøpe Norges største industriområde, Herøya Industripark.

Industriparken er no eit heileigd dotterselskap i Hydro, og førebels er det ein god posisjon for Hydro, seier informasjonsdirektør Halvor Molland.

Halvor Molland

Informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro.

Foto: Nina L. Dauge / NRK

– Vi har ikkje ein fast tidsplan på dei vurderingane vi gjer, og vidareutviklar Herøya Industripark.

Molland seier at Hydro vil fortsette med det.

– Kva Hydro gjer som eigar vil kome når tida er mogen for det.

Norges største industriområde

Ei lokal kjøpargruppe posisjonerer seg nå for å vere klar til å kjøpe Herøya Industripark.

Dette er Norges største industriområde og dekker eit areal på 1,5 kvadratkilometer.

Nå er det rundt 90 bedrifter i industriparken, og dei sysselset til saman 2500 personar. Dei omsette for 13 milliardar kroner i 2011.

Etablerer selskap før påske

Rådmann Per Wold

Rådmann i Porsgrunn Per Wold.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Medeigarar i det nye selskapet er Yara, Bilfinger, Skagerak Energi, SIVA – selskapet for industrivekst og Porsgrunn kommune.

Rådmann i Porsgrunn og tidlegare Hydro direktør Per Wold er leiar i styringsgruppa.

– Vi har hatt kontakt partane imellom, og har bestemt oss for å etablere eit aksjeselskap, slik at vi er klare og i posisjon når Hydro legg industriparken ut for sal, seier Wold.

Han seier at selskapet truleg blir registrert i Brønnøysund før påske.

  • Se bilder fra storøvelsen her:

    Scenarioet det øves på utenfor Langesund er en kollisjon mellom to skip der havaristen var på veg til Rafnes med ammoniakk. Brannfolk fra Bergen og Oslo skal ombord i havaristen.

    Storøvelse i Langesund