NRK Meny
Normal

Vil heidre Olav Bjaaland med statue

Det blir jobba med å samle inn pengar til ein skulptur av polfararen og skihelten Olav Bjaaland i Kviteseid.

Olav Bjaaland

Kulturkonsept ved Kristin Jordfald søker om stønad til å finansiere ein skulptur av Olav Bjaaland. Den skal vere ein replika av det nasjonale monumentet på Bygdøynes i Oslo.

Foto: Kristin Jordfald

Tarjei Gjelstad ved Vest-Telemark museum seier det ville vere bra å få Olav Bjaaland på sokkel ved sida av statuen av Sondre Norheim.

– Olav Bjaaland var blant dei fem første som nådde Sørpolen, seier Gjelstad.

Tarjei Gjelstad

Tarjei Gjelstad ved Vest-Telemark museum.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Polfararen og skihelten Olav Bjaaland var den første mannen på polpunktet i 1911. Etter ferda til Sørpolen starta han ein skifabrikk i heimebygda Morgedal.

Les også:

Viktig mann for Morgedal

Vest Telemark Museum ønskjer nå å få ein skulptur i bronse av Olav Bjaaland. Det er kunstnaren Håkon Anton Fagerås som står bak verket.

– Målet er å heidre Bjaaland på heimstaden, men også å få fram kunnskap om denne viktig personen i norsk skihistorie, seier Gjelstad.

Han meiner Olav Bjaaland er ein viktig mann for Morgedal og norsk skihistorie, og fortener å få ei statue.

Les også:

(Artikkelen held fram under bilete)

Sydpolfarer Olav Bjaaland tente ilden i Sondre Nordheims stue i Morgedal før OL i 1952.

Olav Bjaaland fekk æra av å tenne elden i Sondre Norheim si stue før OL i 1952.

Foto: Scanpix

Samlar inn pengar

Selskapet Kulturkonsept søker om pengar blant anna frå Kviteseid kommune, fylkeskommunen og private sponsorer.

Skulpturen er førebels rekna ut til å koste 600 000 kroner, og dei vil bli samla frå seks ulike aktørar.

Det vil bli ein kopi frå det nasjonale monumentet som står på Bygdøynes, og som blei oppført i 1911.

Og planen er å plassere skulpturen i Kviteseid sentrum, i dialog med skulpturen av Sondre Norheim, som var skilæraren til Olav Bjaaland.

Olav Bjaaland

Olav Bjaaland i arbeid med ein slede.

Foto: ukjent/eier: Nasjonalbiblioteket, bldsa_NPRA0646


  • Slutt på lukka møter

    Ordførar Hedda Foss Five i Skien vel å kutte praksisen med dei lukka møta og flyttar innhaldet i samlingane til andre fora som er opne for pressa, skriv Varden. Endringa skjer etter at Fylkesmannen konkludera med at gruppeleiarmøta i nabokommunen Porsgrunn var i strid med kommunelova.

    Hedda Foss Five
    Foto: Martin Torstveit
  • Her kan du se Østafjells 20.55:

    Østafjells 20:55
  • Dømt for å ha tent på eget hus

    Agder lagmannsrett har dømt en mann fra Midt-Telemark til 10 måneders ubetinga fengsel, for å ha tent på sitt eget hus, skriver TA. Mannen i 30-årene ble frikjent i tingretten, men flertallet av dommerne i lagmannsretten var uenige.

  • Her kan du se Østafjells 18.50:

    Østafjells 18:50