Hopp til innhold

Vil ha svar på kvifor drapet skjedde

Bistandsadvokat Vibeke Hæin Bæra reiser til Kenya for å få svar på kvifor Jan Kristensen blei drepen.

Vibeke Hein Bæra

Vibeke Hæin Bæra er bistandsadvokat for familien til Jan Kristensen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

I slutten av september reiser advokat Vibeke Hein Bæra frå Porsgrunn til Kisumu i Kenya.

Les om saka her: Norsk hjelpearbeider drept i Kenya

Ho er bistandsadvokat for familien til misjonæren Jan Kristensen som blei drepen i september i fjor, under eit ransforsøk heime hos seg sjølv.

Hein Bæra skal delta på ei høyring og få svar på mange av dei spørsmåla som ennå er ubesvart.

Jan Kristensen

Arkivbilete av Jan Kristensen som blei drepen i september 2013.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

– Mi rolle er å få svar på mange av dei spørsmåla barna til Jan Kristensen har, seier Hein Bæra.

Les også: Tror motivet var jakt på penger

Har mange spørsmål

Ho seier at det er mange spørsmål i denne type saker, og enno fleire når det skjedde så langt borte

– Og når vi veit at dei som vart skulda for ugjerninga blei avretta på staden, så opnar det for enno fleire spørsmål, seier Hæin Bæra.

Les også: Minnes Jan Kristensen i Kenya

I september blir det ei høyring i retten i Kenya som statsadvokaten har regien på.

Det er sett av to dagar til å gjennomgå kva som skjedde med Jan Kristensen, og kva for prov som finst i saka.

– Dette skil seg frå dei systema vi er kjent med her i landet.

Hæin Bæra ser på dette som eit høve til å kome med argument eller bevis som dei meiner er viktig for etterforskinga av drapet.

– Det blir mange ting eg kjem til å vere usikker på, og mykje vil vere annleis frå det eg er kjent med, seier Hæin Bæra.

Les også: Glad for støtten fra Norge etter mannens død

Vil vite kvifor det skjedde

Vibeke Hæin Bæra fortel at ho har fått god kontakt med statsadvokaten i Nairobi som har hjelpt til med å få fram opplysningar.

– Men eg må reise ned og sjå kva som kjer og ta det derifrå. Eg er glad saka ikkje er avgjort enno. Og at saka ikkje er lagt vekk, sjøv dei tre mennene som er skulda for drapet er avretta.

Familien til Jan Kristensen har mange spørsmål knytta til kvifor han blei drepen.

– Han var der bare for å gjere gode ting i Kenya. Så dei søker å få svar på mest mogleg av årsaka, kven som stod bak og at dei rette gjerningsmennene må stå til ansvar for drapet, seier Hæin Bæra.